Lewis er eit mannsnamn som er engelsk form av fransk Louis som i sin tur går tilbake til det tyske Ludvig.

Personar med namnet Lewis

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, hadde ein teforretning en gros. Han heitte James Georg Lewis Archer og var fødd 1836 i Larvik. Colin, Lewis og Ronald høyrer til same familie Archer i Larvik. Også dei av barna som er fødde i Noreg, har fått engelske og skotske namn.

Kjende personar med namnet Lewis

Eit utval personar med namnet Lewis, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Lewis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Lewis i perioden 1900–2017, var det 72 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Lewis. Dette inneber at 28 prosent hadde Lewis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg