Faktaboks

Lene Aanes
Fødd
18. juli 1976

Lene Aanes er ein norsk brytar, hovudsakleg i fristil, men har òg gjort det godt i sumo som er ei anna grein under Noregs bryteforbund. Lene Aanes er den norske, kvinnelege brytaren med flest internasjonale medaljar.

Ho starta med bryting i Narvik Atletklubb midt på 1990 talet. I perioden 1998-2004 var ho medlem av Sportsklubben av 1909 i Oslo. Faren Bjørn Aanes var òg NM-meister for junior, og broren Fritz Aanes har fleire NM-titlar.

Aanes høgdepunkt var då ho blei Europamester i 2003 (63 kg-klassen). Ho har 11 sølv- og bronsemedaljar i perioden 1995–2005 i internasjonale meisterskap og er den kvinnelege brytaren med flest internasjonale medaljar. Åtte individuelle senior-NM blei det på åtte startar. Ho er òg verdsmeister i sumobryting i 2000 og 2001 (65-kg-klassen), VM-bronse i 1999.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg