Leiv Flydal

Faktaboks

Leiv Flydal
Født
20. april 1904, Fræna (no Hustadvika), Møre og Romsdal
Død
13. august 1983, Oslo

Artikkelstart

Leiv Flydal var ein norsk språkforskar og professor i romansk filologi. Han var ei særmerkt røyst i norsk språkvitskap.

Bakgrunn

Leiv Flydal var fødd i Fræna (no Hustadvik) i Møre og Romsdal, voks opp på Sunnmøre og døydde i Oslo. Han tok fransk studenteksamen ved Lycée Corneille i Rouen i Frankrike i 1922 og embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1933, med fransk hovudfag og sidefaga latin og engelsk.

Språkarbeidet

Før embetseksamen underviste han ved høgre skular på Voss, i Bø i Telemark, i Kristiansand og i Oslo. I 1933–1936 var han adjunkt, seinare lektor, ved den høgre allmennskulen i Kongsvinger. Frå 1936 var han lektor, frå 1947 dosent og frå 1955 professor i fransk filologi ved Noregs handelshøgskole, og i 1963–1971 professor i romansk filologi ved Universitetet i Oslo.

Flydal hadde studieopphald i Frankrike, Italia, Spania, Portugal og Romania. Han hadde stor kunnskap om alle dei romanske hovudspråka. Han var òg sterkt oppteken av dei undertrykte romanske språka, til dømes katalansk og oksitansk. Som lingvist var han glossematikar. Glossematikk er ei grein av strukturalismen, med opphav i Louis Hjelmslev i København.

Flydal arbeidde mest med fransk språk, men gjorde òg arbeid som galdt norsk, mellom anna ein analyse av norske boktitlar og to store dialektstudiar av ørstamålet og geirangermålet. Han var aktiv deltakar i den norske målstriden, som han såg som ein del av klassestriden på det kulturelle området.

Utmerkingar og ettermæle

For arbeidet sitt med fransk språk og kultur vart han heidra med Æreslegionen. Arne Halvorsen og Geirr Wiggen samla i 1989 ein del av Flydal sine artiklar og etterlatne manuskript i tobandsverket Språket – struktur og samfunn. Bibliografien omfattar 278 publiserte og upubliserte arbeid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Leiv Flydal: Språket – struktur og samfunn. Oslo 1989
  • Arne Halvorsen: «Leiv Flydal til minne», Norsk Lingvistisk Tidsskrift nr. 1/1984
  • Helge Nordahl: «Leiv Flydal», minneord i Aftenposten 18.08.1983
  • Even Hovdhaugen: «Nordiske romanisters bidrag til allmennlingvistikken», Romansk Forum nr. 2/2002
  • Evy Beate Tveter: Norsk språkvitenskap i perioden 19651995. Masteroppgåve i nordisk språkvitskap. Universitetet i Tromsø 2006
  • Helga Sverdrup Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg