Leif Rygg

Faktaboks

Leif Rygg
Født
3. mai 1940, Voss, Vestland
Død
4. februar 2018
Leif Rygg
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Leif Rygg var ein hardingfelespelar frå Voss, med ei rekkje landskappleiksigrar og med eige plateselskap.

Bakgrunn

Leif Rygg var fødd på Voss i Hordaland (no Vestland). Han vart utdanna landmålingsingeniør frå Stend jordskifteskule i 1967 og arbeidde som landmålar i Ål i Hallingdal og sidan ved teknisk kontor i Voss kommune i 1972–1992.

Musikkarrieren

Rygg byrja å spele hardingfele i niårsalderen, og han har hatt læremeistrar som Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa og Anders Kjerland. Rygg var med på kappleikar frå 1954 og vann A-klassa på Landskappleiken fem gonger, i 1977, 1980, 1994, 1996 og 1999. I 1976 var han på turné i USA saman med Sigbjørn Bernhoft Osa. Han opptredde òg i England, inkludert Orknøyane, i Estland og i Portugal.

Musikalske verv og engasjement

Han blei spelemann på heiltid i 1992, då han saman med Knut Hamre, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes blei tilsett som fylkesmusikar i Hordaland. I perioden 1996–2003 var han ansvarleg for den nyoppretta «spelemannsskulen» ved Ole Bull Akademiet, ei toårig meisterklasse tilsvarande diplomnivå som har til føremål å skape topputøvarar på hardingfele og vanleg fele. I 1998 var han med på å etablere ein tilsvarande kvedarskule same staden. Han var leiar for Voss spelemannslag gjennom mange år.

På scena og i studio

Rygg har vore med på ei rekkje plateinnspelingar. I 1980 spelte han saman med Knut Hamre inn Nøringen. I 1985 gav han ut På spelarhaugen saman med sonen Steinar Rygg på hardingfele, som også var den første utgivinga på hans eige plateselskap og forlag, Spelarhaugen Folkemusikk. På same merket kom i 1990 Tonar på vandring, eit samarbeid med dei kinesiske musikarane Zhou Huilin på fiolin og Zhang Zhulian på det kinesiske instrumentet pipa. Plata inneheld fleire individuelle stykke for dei ulike instrumenta, men Rygg og dei kinesiske musikarane spelte òg saman, til dømes på «Det er så fagert i Finnesloftet». Dei tre hadde ofte konsertar saman også i åra etterpå.

Saman med Knut Buen og Kåre Nordstoga gav Rygg i 1994 ut Bjølleslåtten. Slåttar etter Ola Mosafinn 1828–1912. Denne utgivinga blei heidra med Spellemannprisen. I 1995 gav han så ut si første soloplate, Lengt, som har namn etter Halldor Meland sin slått. Denne utgivinga gir eit representativt portrett av Rygg som spelemann. I tillegg til tradisjonsstoff frå Voss og Hardanger, inkludert slåttar av Meland og Sjur Helgeland, inneheld plata Rygg sine eigne komposisjonar, som «Maiblomsten. Til minne om Sigbjørn B. Osa», «Tiriltunga. Tileigna Evangerpølsa» og «Attobæro». I 2008 stod han bak utgivinga Budeiene på Vikafjellet. Slåttar og tonestykke etter Sjur Helgeland på sitt eige selskap, der også Håkon Høgemo, Berit Opheim, Einar Mjølsnes og fleire var med.

Utmerkingar

Han blei utnemnd til æresmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1998. I 2010 fekk han Rådet for folkemusikk og folkedans sin ærespris for arbeidet sitt som spelemann og pedagog, og seinare same året fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg