Faktaboks

Leena Krohn
Fødd
28. februar 1947, Helsingfors, Finland

Leena Krohn er ein finsk forfattar og bibliotekar.

I diktinga si er ho oppteken av å framstille forholdet mellom natur og sivilisasjon og å prøve ut grensene mellom fantasi og røyndom. Hovudsjangeren hennar er kortromanen, og bøkene kan minne om fantasylitteratur eller science fiction, uten at ho oppfattar seg selv som sjangerforfattar.

Bakgrunn

I 1967 tok ho examen artium ved Helsingfors juridiska samskola. Deretter studerte ho finlandsk litteratur, psykologi og filosofi ved universitetet i Helsingfors. I perioden 1972–81 arbeidde ho som bibliotekamanuensis ved Institutionen för inhemsk litteratur. Frå 1981 har ho vore forfattar på heiltid.

Forfattarskap

Krohn debuterte i 1970 med barneromanen Den gröna revolutionen (omsett til svensk i 1972). I dei tidlegaste bøkene skriv ho kloke historier, tiltenkt lesarar i alle aldrar. Ho viser ein skepsis til forbrukarsamfunnet og meiner at mennesket bør leve i pakt med naturen. Romanen I menneskeklær (til norsk i 1979) fortel om venskap mellom ein einsam gutunge og ein pelikan som vil verte menneske. Romanen har òg vorte filmatisert under tittelen Pelikaanimies (2004).

1980-talet

Seinare verk av Krohn er tettare i uttrykksforma og har ein meir fleirtydig klangbotn. Eit av hovudverka hennar er Donna Quijote ja muita kaupunkilaisia. Muotokuva (1983, Donna Quijote og andre byfolk), eit dikterisk prosaverk som er konstruert på grunnlag av situasjonar, dialogar, tankeseriar og scener, der hendingane ikkje har noko med røynda å gjere. Tainaron. Brev från en annan stad (1987) (originaltittel Tainaron. Postia toisesta kaupungista, 1985) skildrar ei surrealistisk insektverd. Boka er forma som brev til ein ukjend mottakar, 28 i talet. Brevskrivaren gjennomgår i løpet av forteljinga ein metamorfose, slik insekt gjer. Det kjem aldri svar på breva, og lesaren må sjølv tenkje seg til kven som er mottakaren. Boka blei nominert til World Fantasy Award i 2005.

1990-talet

Umbra (1990, svensk utgåve i 1994) tek opp eksistensielle spørsmål, og forteljaren drøftar kva det er som skaper vald i eit samfunn. Ikkje les denne boka har undertittelen «Forteljingar for dei som veks» og kom ut på norsk i 2000. Originaltittelen er Älä lue tätä kirjaa. Kertomuksia keskenkasvuisille (1994). Her er filosofi i ei form som kan lesast av både unge og gamle.

Omsetjingar

Ni av bøkene hennar er omsette til svensk. I 2008 kom Bipaviljongen. En berättelse om svärmar ut på svensk. Her rettar Krohn søkjelyset mot den kollektive sjela ein finn i ei gruppe, og boka er ein slags framtidsvisjon prega av Krohns fabuleringsevne og undring over tilværet. Omsette til svensk er også Matematiske varelser eller delade drömmar (1996), Att förnimma dess närvaro (1997), Pennan och maskinen (1998) og Pereat mundus (2001). I norsk omsetjing kom I menneskeklær ut i 1979 og Ikkje les denne boka i 2000.

Utmerkingar

Leena Krohn fekk Takk for boka-medaljen i 1986, Finlandiaprisen i 1992, Topeliusprisen i 1993, Pro Finlandia-medaljen i 1997 og Eino Leino-prisen i 2017. Ho var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 1988.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brenden, R. (1997): Ihmisen suhde luontoon ja sivilisatioon Leena Krohnin teoksessa «Kertomuksia». Hovudoppgåve ved Universitetet i Oslo
  • Jokinen, M. (1993): Från fjärran land till staden Tainaron. Den finska litteraturen och dess grogrund under självständighetstiden. Omsett til svensk av Seija Torpefält. Helsingfors
  • Jokinen, M., red. (1993): Det mörka ljuset. Finsk prosa under 75 år. Stockholm

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg