Leander er eit mannsnamn som går tilbake til det greske Le-andros. Forleddet tyder ‘løve’ og etterleddet ‘mann’.
Leander
Personar med namnet Leander
Kulturell bruk
- Hero og Leander er eit gresk kjærastepar i eit dikt som vart skrive på 400-talet. Kvar natt svømte Leander over Hellesponten (det nåverande Bosporos) for å møte kjærasten Hero.
- Leander i Ludvig Holbergs komediar.
Kjende personar med namnet Leander
Eit utval personar med namnet Leander, og som er omtalt i Store norske leksikon:
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 2400 menn (fødde i Noreg) som hadde Leander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Leander i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Leander. Dette inneber at 40 prosent hadde Leander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.