Leah er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Lea som er laga til eit ord som tyder ‘villku’, men Lea vart tidleg assosiert med eit sterkare dyr, det latinske lea som tyder ‘løvinne’.

Namnet har fleire variantar: Lea, Leah.

Kjende personar med namnet Leah

Eksempel på ein person med namnet Leah som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 561 kvinner i Noreg som hadde Leah som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 211 jenter som fekk namnet Leah, og det var blant dei 20 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Både Lea og Leah fekk eit sterkt oppsving rundt år 2000, og dette skjedde samtidig med den aukande internasjonale populariteten for bibelske namn, særlig mannsnamn. Stavevarianten Leah, som er meir brukt enn Lea, er i samsvar med internasjonal stavemåte. Dette tyder på at mange foreldre har vore påverka av den internasjonale trenden, for om dei hadde funne namnet i kyrkjeleg litteratur, til dømes i den norske bibelen, hadde stavemåten Lea vore meir nærliggande.

Utvikling i bruk av namnet Leah frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Leah frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg