Faktaboks

Lauritz Bergendahl
Karl Lauritz Bergendahl
Fødd
30. januar 1887, Østre Bergendahl i Sørkedalen i Vestre Aker (nå Oslo)
Død
15. april 1965, Nittedal, Akershus
Verke
Skiløper og skogmester
Familie

Foreldre: Gårdbruker Lars Nilsen Bergendahl (1842–1937) og Karine Michaelsen (1850–1926).

Gift 1914 med Thea Sævland (8.11.1887–18.4.1948), datter av kjøpmann Halvor Tollefsen Sævland (1864–1923) og Helene Sævland (1865–1925).

Lauritz Bergendahl frå Sørkedalen, den første som blei kalla skikonge. Han var på topp i åra før den første verdskrigen. Biletet er teke under eit renn i Bödele i Austerrike 1912.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Lauritz Bergendahl var ein norsk langrennsløpar og kombinertløpar. Han var den første som blei karakterisert som «skikonge», med ti sigrar i Holmenkollrenna, meir enn nokon andre, der han vann både kombinert og 50 km fem gonger (i 1910, i 1912–1915; i 1911 deltok han ikkje).

I kombinert vann han òg fire delsigrar i 18 km langrenn (1909, 1910, 1913, 1915), og han blei i 1915 tildelt Damenes pokal etter siger i hopprennet og tangering av bakkerekorden på 35 meter. Fleire av løpa vann han i utklassingsstil. I alt vann Bergendahl 4 NM-gull: kombinert (1910, 1912) og 30 km (1909, 1912). Han representerte Noreg i utlandet og blei blant anna austerriksk meister i kombinert i 1912, tysk meister i 1913 og vinnar av spesielt hopprenn i Nordiska Spelen i 1913.

Bergendahl vann ti kongepokalar, derav to i Gråkallrennet i Trondheim, éin i Solbergrennet i Bærum og sju for kombinertsigrane sine i Holmenkollrennene og noregsmeisterskapen. Han blei tildelt Holmenkollmedaljen i 1910.

Etter den aktive karrieren sin arbeidde han ein periode som leiar og administrator i Skiforbundet. Under opninga av vinter-OL i Oslo i 1952 bar han fakkelen inn til Bislett stadion. Ein bauta med figurrelieff blei reist ved Sørkedalen skule i 1977 (laga av Nic Schiøll).

Lauritz Bergendahl var onkel til Lars Bergendahl.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg