Lauri Viita

Faktaboks

Lauri Viita

Lauri Arvi Viita

Født
17. desember 1916, Birkala
Død
22. desember 1965, Helsingfors
Av .
Lisens: PD

Artikkelstart

Lauri Viita var ein finsk forfattar med arbeidarbakgrunn. Han skreiv både formfullenda, kraftfulle og også satiriske dikt, mellom anna om eksistensielle spørsmål. Med familie- og utviklingsromanen Moreeni (svensk Morän) nådde han ut til store lesargrupper.

Bakgrunn

Lauri Viita fullførte aldri nokon skulegang etter grunnskulen, men gjekk i staden inn i hardt fysisk arbeid, og under vinterkrigen og framhaldskrigen etterpå tenestegjorde han mellom anna som soldat i fremste linje.

Forfattarskap

Ved sida av det fysisk tunge arbeidet las Lauri Viita litteratur, både skjønnlitteratur og faglitteratur. Då han i 1947 debuterte som lyrikar med samlinga Betonimylläri (Betongmøllaren), vart boka rekna som ei av dei mest særprega debutsamlingane i 1940-åra. Viita kunne etter denne debuten slutte med kroppsarbeidet og vie tida si til å skrive.

Viita sin sosiale bakgrunn kjem ofte til syne i diktinga hans. Ikkje minst gjeld dette romanen Moreeni (1950, omsett til svensk med tittelen Morän i 1965) som tek utgangspunkt i bustadbygginga på Pispala, den bratte åsen der han voks opp. Borgarkrigen (vinteren og våren 1918) utgjer eitt element i romanen. Teksten er prega av dualisme, med trua på framsteg som det eine grunntemaet, men med nederlag og død som eit like viktig tema.

Viita skreiv i alt fire diktsamlingar. Den andre samlinga var eventyrdikta Kukunor (1949). I 1954 kom Käppyräinen (Samankropen) og i 1961 Suutarikin, suuri viisas (Også skomakaren, den store vise). Det siste verket til Viita var romanen Entäs sitten, Leevi (Og etterpå då, Leevi), som kom i 1965. Her tek Viita opp att det sjølvbiografiske materialet, men ikkje på langt nær så virtuost som i den første romanen.

I siste del av livet var han prega av psykisk sjukdom, men skreiv likevel folkekjære aforismar. Lauri Viita døydde i ei bilulukke i 1965.

Familie

Han var gift med forfattaren Aila Meriluoto i 1948–1956, og ho skreiv ei bok om han og forholdet i 1974.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Maijaliisa Jokinen: Från fjärran land till staden Tainaron. Den finska litteraturen och dess grogrund under självständighetstiden. Omsett til svensk av Seija Torpefält. Helsingfors 1993
  • Kai Laitinen: Finlands moderna litteratur. Konturer, huvudlinjer, resultat – 1917–1967. Helsingfors 1968
  • Yrjö Varpio: Lauri Viita. Kirjailija ja hänen maailmansa, Borgå – Helsingfors 1973

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg