Laura er eit kvinnenamn som kan vere italiensk kortform av latin Laurentia som tyder ‘kvinne frå byen Laurentum’ (Italia). Laura kan også førast tilbake til latin laurus som tyder ‘ laurbærtre’.

Laurbærkransen var eit sigerssymbol. I tidleg kristen tid var laurbærkransen også eit symbol på martyriet.

Namnedag er 15. januar. Laurits har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Laura

Kulturell bruk

  • Den italienske diktaren Francesco Petrarca skreiv kjærleikssongar til si Laura (1300-talet).

Kjende personar med namnet Laura

Eit utval personar med namnet Laura, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 228 kvinner i Noreg som hadde Laura som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 49 jenter som fekk namnet Laura.

Utvikling i bruk av namnet

Laura høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000, til dømes Anna, Emma, Selma, Ebba og Klara. Laura var på topp 1875–79 og fekk deretter eit nytt oppsving i 1990-åra. Mellom desse to fasane med namn på -a var tostava namn på -e meir populære, til dømes Grete, Bente, Tove og Silje.

Utvikling i bruk av namnet Laura frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Laura frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Laura på 1800-talet.

Laura var mest brukt i Vestfold og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Laura på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Laura var mest brukt i Vestfold og Bergen.

Historisk bruk av namnet Laura
Historisk bruk av namnet Laura
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg