Faktaboks

Lasha Talakhadze
Fødd
2. oktober 1993, Sachkere, Georgia

Lasha Talakhadze er ein vektløftar frå Georgia. Han har verdsrekordane i rykk, støyt og samanlagt, og han blei olympisk meister i 2016 og 2021. Han er både europa- og verdsmeister ei rekkje gongar.

Karriere

Lasha Talakhadze i EM

Georgiske Lasha Talakhadze i øvinga rykk under EM i vektløfting i Førde i 2016.

Lasha Talakhadze i EM

Lasha Talakhadze vann junior-VM i 2013 og slo for alvor gjennom i verdseliten med VM-gull for seniorar berre to år etterpå. Sidan har han vore rekna som verdas beste vektløftar, med gull i OL i 2016 og i 2021 som førebelse høgdepunkt i karrieren.

Under VM i 2017 sette Talakhadze ny verdsrekord i rykk med 220 kilo i +105-kilosklassen. Samstundes sette han ny verdsrekord samanlagt med 477 kilo, og han sletta dermed den gamle rekorden til Leonid Taranenko frå 1988.

Etter at det internasjonale vektløftarforbundet (IWF) i 2018 endra vektklassane i vektløfting, sette Talakhadze tre nye verdsrekordar under EM i Georgia i 2019. Han forbetra dei på ny då han vart verdsmeister i Thailand den same hausten.

Under OL i Tokyo i august 2021 sette Takakhadze igjen tre nye verdsrekordar, og han vart olympisk meister for andre gong. Han avslutta året 2021 med å bli verdsmeister i desember, og samstundes sette han nok ein gong nye verdsrekordar. Dei gjeldande verdsrekordane hans i +109-kilosklassen er 225 kilo i rykk, 267 kilo i støyt og 492 kilo samanlagt.

I perioden frå 2015 til 2023 har Talakhadz blitt verdsmeister sju gongar, sist med VM-gull i Riyadh i Saudi-Arabia i september 2023.

Talakhadze trekte seg frå konkurransane under EM 2024 på grunn av ein kneskade. Han er favoritt til å ta sitt tredje OL-gull i dei olympiske leikane i Paris seinare på året.

Lasha Talakhadze var frå 2013 utestengd for doping i to år, etter at han ikkje møtte fram til ein dopingtest.

Merittar

  • To gongar olympisk meister: 2016 og 2021
  • Sju gongar verdsmeister: 2015, 2017, 2018, 2019, 2021, 2022 og 2023
  • Sju gongar europameister: 2016, 2017, 2018, 2019, 2021, 2022 og 2023

Personlege rekordar

  • Rykk: 225 kilo
  • Støyt: 267 kilo
  • Totalt: 492 kilo

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg