Lars Jaastad

Faktaboks

Lars Jaastad
Født
5. mars 1871, Ullensvang, Vestland
Død
8. juni 1926, Leirfjord, Nordland

Artikkelstart

Lars Jaastad var ein norsk lærar, forfattar og lokalpolitikar. Han debuterte 20 år gamal på eige forlag og skreiv om sosiale skilje og sosiale brytingar ved ein vestlandsfjord.

Bakgrunn

Lars Jaastad var fødd i Ullensvang i Hordaland (no Vestland) og døydde i Leirfjord i Nordland. Han gjekk på Granvin framhaldsskule og Ullensvang folkehøgskule og tok lærareksamen i Elverum i 1895. Deretter var han lærar i Bjerkreim. Frå 1898 til han døydde, var han lærar i Leirfjord på Helgeland. Der var han òg ordførar i 1920–1926.

Forfattarskapen

Jaastad gav ut skodespel, romanar, dikt og barnebøker. Den første boka, Landsungdom. Ei forteljing, kom ut på eige forlagVoss alt i 1891. I 1897 kom diktsamlinga Til fjellsUnge Skuds Forlag, i 1903 forteljinga Gyrid Vaag, utgitt av Unglydens bokhandel, og i 1904 spelstykket Langframande, skrive for amatørteater under løyndenamnet Leo.

Mellom dei viktigaste bøkene i forfattarskapen er Husmann og bonde (1911), Linde og Røynsnes (1912), Dagleg braud (1915), Naalauga (1920) og Tre tun (1922). Desse bøkene kom ut på Olaf Norlis Forlag. Her skildrar han livet i ein vestlandsfjord og brytingane mellom gamalt og nytt i bygdesamfunnet. Han var den første husmannsfødde forfattaren etter A.O. Vinje, og hadde eit skarpt auge for sosiale roller og sosiale skilje.

Nordfrå henta Jaastad emne til forteljingane Torvald Veidemann fraa Nordland (1913), Jakob Seisunde (1921), Utnesstova (1923) og Nedgangsskulen (1924). Han var ein kresen språkkunstnar som bygde på sitt eige målføre og ein høgt utvikla lokal forteljetradisjon.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjarte Birkeland: «Etterord». I Lars Jaastad: Husmann og bonde. Oslo 1977
  • Jørgen Haugedal: Tonar frå tun. Bokmenn og gløtt i verka deira. Trondheim 1972
  • Håløyg: «Lars Jåstad». Norsk Aarbok 1928. Bjørgvin 1928
  • Randi Jaastad: «Bokmannen Lars Jaastad». Hardanger 1973. Øystese 1973
  • Olav Andreassen Loen: Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett. Trondheim 1970
  • M.M.: «Heimstad-diktaren Lars Jåstad (1871–1926). Årbok for Helgeland 1971–72. Brønnøysund 1972
  • Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Oslo 1987
  • A.H. Winsnes: Norges litteratur fra 1880-årene til første verdenskrig. Ny utgave. Oslo 1961

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg