Lars Bystøl er ein norsk tidlegare skihoppar.
Han blei olympisk meister i normalbakke i Torino i 2006, då han òg tok bronse i stor bakke og i lagkonkurransen. Bystøl blei verdsmeister i skiflyging lagkonkurranse i 2006 og tok VM-bronse for lag i 2003 og 2005. Han var OL-deltakar også i 2002, og vann rennet i Innsbruck under den tysk-austerrikske hoppveka i 2005/2006.
Bystøl tok NM-gull i normalbakke i 2005 og la opp i 2009.
- Klubb: Eldar IL, Vossestrand.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.