Lars Berg

Faktaboks

Lars Berg

Lars Kornelius Edvard Berg

Født
16. mai 1901, Kvaløya i Tromsø, Troms og Finnmark
Død
11. januar 1969, Kvaløya i Tromsø, Troms og Finnmark
Lars Berg ved avdukinga av Knut Hamsun-monumentet på Hamarøy 13.8.1961. Kvinna til høgre er Elvine Skavikeng.
Av /Nordlandsmuseet.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Lars Berg var lærar og forfattar. Berg tok initiativ til skipinga av Hålogaland Teater, og han var aktiv i mål- og ungdomsrørsla.

Lars Berg var fødd på Kvaløya i Hillesøy i Troms. Han fekk utdanning ved folkehøgskulen Solhov i Lyngen i 1918 og ved Tromsø lærarskule i 1919–1922. Han var lærar i i Vesterålen i 1922–1923, dernest i Ørsta i 1923–1924 og i Hillesøy i heile ti år fram til 1934. Deretter var han forfattar på heiltid i hovudstaden i seks år, fram til 1940. Berg var lærar i Tromsøysund frå dette året, og der heldt han fram som skulestyrar etter krigen og til 1967.

I byrjinga av 1930-åra var Berg varaordførar (representerte Arbeidarpartiet) i Hillesøy kommune. Under andre verdskrigen vart han motstandsmann, og han vart arrestert i 1942. Etter kvart kom han til Grini, der han sat fengsla fram til freden i 1945.

Berg var med på å stifte ungdomslaget Soleia og var ei tid formann. Hålogaland lærarmållag og Noregs lærarmållag vart stifta 1932 og 1934, med Berg som formann begge stader. I 1947 var han aktiv under Måltinget i Troms med «Framlegg til skriftform i nynorsk for Troms fylke». Han arbeidde for utvikling av nordnorske utdannings- og kulturtilbod.

Berg debuterte med romanen Men det var det ingen som visste i 1934, og han skreiv i alt 12 romanar, fleire noveller, mellom anna i Arbeidermagasinet, og nokre skodespel. Ei diktsamling og ei novellesamling kom posthumt i 2001. Berg skreiv eit lettfatteleg språk og tok utgangspunkt i nordnorsk røyndom. Han retta søkjelyset mot tabuområde som seksualitet og undertrykkande sosialisering. Andre verdskrigen sette ein mellombels stoppar for Bergs forfattargjerning. Han dreiv sidan vekselbruk mellom skule og skriving.

Undertrykking og frigjering

Berg kom til Oslo i 1933 og fekk ein posisjon i det litterære miljøet. Han markerte seg mellom dei radikale forfattarane som kjempa mot nazismen. I intellektuelle krinsar var dei opptekne av ulike former for undertrykking og urett mot menneskeverdet. Seksuell opplysning vart oppfatta som ein av mange faktorar i arbeidet for eit betre samfunn. Dette sette preg på mykje av den radikale litteraturen som vart skriven, særleg i 1930-åra.

Psykoanalytiske teoriar om fortrengd seksualitet var eit sentralt interessefelt, og Berg tok opp slike tema i romanane sine. Berg skreiv òg dramatikk, og i 1959 vart skodespelet Maria, om ei vanskelegstilt ungjente, sett opp ved Det Norske Teatret. Berg skreiv dessutan eit skodespel om den nordnorske diktarpresten Petter Dass i 1967, oppført i 1984 ved Hålogaland Teater.

Nordnorsk engasjement

Berg hadde sjølv ivra for å skipe teater i den nordnorske landsdelen, og Hålogaland Teater vart opna i 1971. Han såg eit nordnorsk kulturtilbod som ei motvekt til fråflytting og som eit viktig ledd i regional utvikling av det nordnorske samfunnet. Berg interesserte seg sterkt for forholdet mellom kultur, språk og sjølvkjensle, og han meinte at eit nordnorsk teater var viktig for ei positiv utvikling av den nordnorske identiteten.

Berg var ein framsynt pedagog. Han var oppteken av skriveopplæring med utgangspunkt i dialektbruk før «skriving på talemålets grunn» vart ein vanleg metode i norskundervisninga. Berg var overtydd om at nynorsk høvde best som undervisningsspråk i nordnorsk skule. Han arbeidde for ein ABC på nynorsk som skulle spegle eit gjenkjenneleg nordnorsk miljø. Ideen vart ikkje realisert.

Berg engasjerte seg òg i spørsmål om utdanningstilbod på høgare nivå. Han var mellom dei som gjekk aktivt inn for eit nordnorsk universitet i Tromsø, som eit viktig ledd i eit regionalt danningsprosjekt.

Utgivingar

Romanar

  • Men det var det ingen som visste (1934)
  • Du er den første kvinne (1935)
  • Du skal svare (1936)
  • Fire søsken går ut (1937)
  • Han som går først (1938)
  • Og landet tok til å leve (1939)
  • Kvinna og havet (1950)
  • Vi må ro i natt (1951)
  • Her er sedejord nok (1954)
  • Du har rett til å leve (1965)
  • Dei varme kjeldene (1966)
  • Den lange vegen (1967)

Skodespel

Noveller

  • Båten og mannen og andre noveller (novellesamling, posthumt 2001)

Dikt

  • Steingaren framfor havet (diktsamling, posthumt 2001)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Einride Berg: Lars Berg. Ein bibliografi. Universitetsbiblioteket i Tromsø 2001
  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 5. Oslo 1975
  • Willy Dahl: Norges litteratur, bd. 2. Oslo 1984
  • Olav Dalgard: «Antipuritanisme – sosial realisme. Om L.B.s romandikting» i NLÅ 1979, s. 77-91
  • Ragnhild Engelskjøn: «L.B.s erotiske romaner» i Nordlit 13 (2003), s. 231-240
  • Arild Haaland: «Lars Berg. Ein studie i det radikalt kroppslege», Syn og Segn 1967
  • Asbjørn Jaklin: Nordlendinger til tusen, band 2: Vår egen tid. Tromsø 2002, s. 200-215
  • Privatarkiv nr. 4: Lars Berg – Bokmanus og privatarkiv 19201-1969, Universitetsbiblioteket i Tromsø.
  • Aud Tåga og Helge Stangnes (red.): Han som gjekk først forfattaren, skolemannen og kulturforkjemparen Lars Berg. Tromsø 2004

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg