Laila Gustavsen

Faktaboks

Laila Gustavsen
Født
24. oktober 1973, Ringerike, Viken
Stortinget.

Artikkelstart

Laila Gustavsen er sosialkonsulent og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Buskerud i 2009–2013.

Bakgrunn

Laila Gustavsen er fødd på Ringerike i Buskerud (no Viken). Ho gjekk på Ringerike gymnas i 1989–1990 og Hønefoss videregående skole i 1991–1992. Ho tok omsorgskurs ved Arbeidsinstituttet Ringerike i 1991, fotterapeut-utdanning ved Åssiden videregående skole i 1992–1993 og enkeltfag ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1999–2001. Gustavsen arbeidde som fotterapeut i 1994–1999, deretter ved Knerten SFOKongsberg i 1999–2001 (som leiar i 2000–2001). Ho var avdelingsleiar ved NAV på Kongsberg i 2004–2005.

Politisk karriere

Gustavsen var leiar av Ådal AUF i 1989–1991, medlem av styret i Buskerud AUF og leiar av Kongsberg AUF i 1990-åra. Ho var medlem av Buskerud fylkesting for Arbeidarpartiet i 1995–1999 og fylkesutvalet i Buskerud i 1999–2003. Ho var medlem av hovudutvalet for helse og sosial i Buskerud i 1995–1999, deretter nestleiar i utvalet i 1999–2003. I 2004–2005 var ho medlem av Aps kvinnepolitiske styre i Buskerud, og vart leiar av Kongsberg Arbeidarparti i 2008.

Gustavsen var vararepresentant til Stortinget i 2001–2009 og i 2013–2017. Ho var statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet i 2005 og i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2006–2009. Ho vart vald inn som fast stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud i 2009–2013. I denne stortingsperioden var ho medlem i utanriks- og forsvarskomiteenStortinget.

Andre verv

Gustavsen har vore styremedlem i Barnevernssambandet i Buskerud i 1998–2001, medlem av representantskapet for Gjensidige NOR Sparebank i 1999–2001 og medlem av styret for Gjensidige NOR Sparebank i 2001–2002. Gustavsen var leiar av Europabevegelsen i Buskerud i 2004–2006 og er medlem av sentralstyret i Europabevegelsen frå 2011.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg