Lagertha er eit kvinnenamn som er ei latinisering av eit gammaldansk namn som svarer til norrønt Hlað-gerðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘prydband (på hovudet)’ og etterleddet ‘gjerde, vern’.

Personar med namnet Lagertha

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Thora Lagertha Arntzen fødd 1815 i Kristiania, busett i Skien i 1865.

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Lagertha

Eit utval personar med namnet Lagertha, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Lagertha som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Lagertha i perioden 1900–2017, var det 75 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Lagertha. Dette inneber at 25 prosent hadde Lagertha som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg