Faktaboks

Innbyggjartal
229 (SSB, 2023)
Landareal
0,29 km²
Tettstadsnummer
5524 Kyrkjebø

Kyrkjebø er ein tettstad i Høyanger kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,29 km², og har 229 innbyggjarar (2023).

Tettstaden Kyrkjebø ligg på nordsida av Sognefjorden, mellom Vadheimfjorden og Høyangsfjorden. Herfrå går bilferjesamband til Ortnevik på sørsida av fjorden.

Kyrkjebø sokn

Kyrkjebø sokn ligg på båe sider av den midtre delen av Sognefjorden, kring fjordarmane Vadheimsfjorden og Høyangsfjorden på nordsida og Fuglesetfjorden på sørsida. Soknet svarar stort sett til den tidlegare kommunen Kyrkjebø.

Kyrkjebø kommune

Kyrkjebø kommune vart oppretta i 1858 ved utskilling frå Lavik, i perioden 1858–1891 under namnet Klævold, seinare Kyrkjebø. Kommunen vart i 1964 slått saman med Lavik til den nye Høyanger kommune, som hadde eit areal på 681 kvadratkilometer ved samanslåinga.

Namnet er opphavleg eit gardsnamn der første ledd viser til kyrkja som har stått på garden.

Kart

Kyrkjebø
Kyrkjebø
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (4)

skreiv Benjamin Kyrkjebø

Kan du inkludere det gamle kommunevåpenet til kyrkjebø kommune?

svarte Svein Askheim

Hei! Vi har valgt å bytte ut de gamle kommunevåpnene med de nye. Nettleksikonet lokalhistoriewiki.no har heller ikke bilde av kommunevåpenet for den tidligere kommunen. Mvh Svein

svarte Benjamin Kyrkjebø

Er det ingen digital dokumentasjon av våpenet?

skreiv Svein Askheim

Det finnes alle kommunevåpen. Kanskje du kan kontakte bibliotek eller kommunen, jeg vil tro at de har det. Mvh Svein

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg