Kyrkja
Kyrkja sett frå Visdalen.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Kyrkja er ein karakteristisk kjegleforma fjelltopp i Lom kommune, mellom Leirvatnet og Kyrkjetjørna søraust for Leirvassbu turisthytte i Jotunheimen; 2032 meter over havet. Frå toppen er det storslått utsikt over delar av Jotunheimen. I nord ligg skaret Kyrkjeglupen med fotruta Leirvassbu–Spiterstulen.

Kyrkja vart rekna for umogleg å klatre av dei første tindebestigarane på 1800-talet. Dei første som nådde toppen, var truleg byråsjef Olaj Johan Olsen, studenten Paul Christensen Forberg og kjemikaren Severin Segelcke Wleügel, 3. august 1880.

Kart

Kyrkja
Kyrkja
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg