Kviteseid kirke
Kviteseid kirke
Kviteseid kirke
Av /Arfo forlag.

Kviteseid sokn har to kyrkjer, ei gammal frå mellomalderen og ei ny frå 1900-talet.

Kviteseid gamle kyrkje

Kviteseid gamle kyrkje er bygd i stein, truleg i siste halvdelen av 1100-talet. Kyrkja ligg attmed Kviteseid bygdetun på sørsida av Kviteseidvatnet 6 km sør for Kviteseid sentrum. Stadnamnet Kauphamar nedanfor kyrkja tyder på handelsverksemd i gammal tid. Truleg har staden vore ein viktig omlastingsplass for gods.

Kyrkjeskipet måler innvendig 12,7 × 8,1 meter, koret 5,2 × 4,6 meter og apsisen er 2,85 meter djup. Våpenhuset i tre er frå 1700-talet. Kyrkja har om lag 150 sitteplassar. Kor og skip har portal mot sør, men ikkje mot vest. Portalen i skipet har ein særmerkt dekorasjon i tre av to drakar som snor seg om einannan.

Gamlekyrkja kom ut av bruk da nykyrkja vart bygd. Ho vart restaurert i 1929 og 1969. Overmåla rosemåling frå 1700-talet er henta fram att. Taket i koret er dekorert med blomsterranker måla av Thomas Blix, som også sto for dekoren på galleriet. Altertavla er datert 1777; preikestol og døypefont er truleg eldre. I ei nisje finst ein glatt stein som blir kalla «Tåresteinen» eller «St. Olavs brød». Ved porten til kyrkjegarden står eit minnesmerke over Magnus Brostrup Landstad, som var prest i Kviteseid frå 1834 til 1839.

Kviteseid nye kyrkje

Kviteseid nye kyrkje ligg i Kviteseid sentrum. Ho er ei langkyrkje i tegl, forblenda med raud granitt frå eit lokalt steinbrot. Kyrkja er teikna av Haldor Børve, og vart innvigd i 1916. Ho har 350 sitteplassar. Kyrkja fekk innvendig dekor på 1930-talet av kunstnaren Rolf Klemetsrud.

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ekroll, Øystein m.fl. 2000: Kirker i Norge, bind 1: middelalder i stein.
  • Henriksveen, Herman 1986: Kirker i Telemark. Les boka på nb.no
  • Mosdøl, Olav (red.) 2010: Kviteseid gamle kyrkje 750 år.
  • Rasmussen, Alf Henry 1993: Våre kirker: norsk kirkeleksikon. Les boka på nb.no

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg