Faktaboks

Etymologi

av norrønt hvammr, ‘liten dal’

Innbyggjartal
753 (SSB, 2023)
Landareal
1,3 km²
Tettstadsnummer
1572 Kvam

Kvam er ein tettstad i Nord-Fron kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,3 km², og har 753 innbyggjarar (2023).

Kvam sokn omfattar, forutan tettstaden Kvam og hovuddalføret i nordvestre del av kommunen, fjelltraktene på begge sider, særleg i nordaust.

I Kvam låg ein av Norske Skogindustriers sponplatefabrikkar. Staden har hatt tradisjonsrik klebersteinindustri med mølle og talkumproduksjon.

Den gamle Kvam kyrkje, bygd i 1775, brente ned under kampane våren 1940, i samband med angrepet på Noreg under andre verdskrigen. Ei ny kyrkje vart gjenreist i 1952. Ved kyrkja er det ein minnelund over falne britiske soldatar. Gudbrandsdal Krigsminnesamling vart opna i 1995. Vest for jernbanelina står eit minnesmerke over George Sinclair, som feilaktig vart teke for å vere leiar for skottetoget som drog gjennom dalen i 1612.

Kampane i Kvam var av dei hardaste under krigen i Noreg i 1940. 24. april kom britiske troppar over frå Åndalsnes og etablerte stillingar i bygda for å stanse tysk framrykking oppover dalen. Kampane gjekk føre seg i to døgn før tyskarane, med flystøtte, braut igjennom. Nær hundre britiske soldatar fall.

I juni 2011 tok flaum og jordskred med seg veg og hus fleire stader i og ovanfor Kvam sentrum.

Kart

Kvam
Kvam
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg