Faktaboks

Kristofer Uppdal
Fødd
19. februar 1878, garden Oppdal i Beitstad (no Steinkjer), Nord-Trøndelag
Død
26. desember 1961, Oppdal, Sør-Trøndelag
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar, seinare vognmann og hestehandlar Sivert Jakobsen Opdahl (1845–etter 1938) og Anna Petrine Paulsdotter Landsem (1856–85).

Gift 13.1.1913 med sjukepleiar, seinare forfattar Bergljot Isabella Magnussen (5.12.1889–22.6.1936), dotter til kjøpmann Johan Magnussen (1846–93) og Berthe Olsen (f. 1861).

Han skreiv namnet Uppdal frå 1905.

Portrett
Portrett av forfatteren i 1953.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Kristofer Uppdal var ein norsk romanforfattar, lyrikar, essayist, kritikar og rallar. Han fekk først brei merksemd for det tibands romanverket Dansen gjenom skuggeheimen, teke til på i 1911, som er ei tidleg skildring av framveksten til arbeidarrørsla på landsbygda og forvandlinga av Noreg frå jordbruks- til arbeidarsamfunn.

Like stor betydning hadde Uppdal som ein fornyar av lyrikken, og for ettertida har han vorte ståande som eit tidleg norsk lyrisk bindeledd til modernismen og vitalismen i førkrigs- og mellomkrigstida. Som lyrikar søkte han innover mot dei eksistensielle erfaringane, og som romanforfattar bidrog han til å gi eit språk til bønder og arbeidsfolk sine erfaringar. I mange av verkane sine – både innanfor lyrikken og i prosaen– gjer han begge delar på same tid.

Bakgrunn og biografi

Kristofer Uppdal

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Kristofer Uppdal
Av /NTB Scanpix ※.
Portrett 1959

Forfatteren i sin heim i 1959

Portrett 1959
Av /SCANPIX.

Kristofer Oliver Uppdal var fødd utanfor Steinkjer, på garden Oppdal i Beitstad, inst i Trondheimsfjorden. Som tiåring vart Kristofer, den eldste av ti søsken og halvsøsken, sendt til ein slektning på morssida i Ogndal, der han arbeidde som gjetar til konfirmasjonsalderen. Sine første litterære tekstar fekk han på trykk i Ogna, medlemsbladet til ungdomslaget. Som elev ved folkehøgskulen i Namdalen vart han frå 1898 fast bidragsytar og bokmeldar i Steinkjer-avisa Mjølner. Etter folkehøgskuleåret jobba han som gardsgut og i vognmannsforretninga til faren. Etter sommaren 1898 tok han for første gong arbeid som lausarbeidar på anlegg, som rallar – «av naud […], ikkje av trong», som han seinare uttrykte det.

Rallararbeidet og -identiteten skulle komme til å prege forfattarskapen hans, og frå 1898 til 1910 var dette hovudkjelda til både inntekt og erfaringar for Uppdal. Eit år ved Askov folkehøjskole (1899–1900) gav han moglegheit til utvida samanhengande lesnad, og i tillegg til klassikarane skal han særleg ha festa seg ved den danske filosofen Harald Høffding og Friedrich Nietzsche. Denne siste impulsen skulle vise seg å vere avgjerande for både litteratur- og menneskesynet i forfattarskapen.

Fram til 1910 tok Uppdal arbeid i gruver og på jernbaneanlegg. Han vart fagorganisert i Norsk Arbeidsmandsforbund allereie rundt 1900, og var ein kortare periode også utsending frå Tunnelarbeidernes forening. Desse erfaringane fekk mykje å seie for den litterære produksjonen hans, særleg i den store romansyklusen Dansen gjennom skuggeheimen, med ti romanar gitt ut mellom 1911 og 1924. Også lyrikken hans har teke farge av desse erfaringane, med ei rekkje målande og erfaringsnære skildringar av kroppsarbeid og erotikk. Erfaringane var tilstrekkeleg utpensla til at ein kritikar i 1919 omtalte dikta i samlinga Elskhug som «ufyselege».

Uppdal var produktiv som skribent særleg i første verdskrigsåra, og vart ein anerkjend bokmeldar i hovudorganet til den nynorske avisa Den 17de Mai. Det finst nærare 200 meldingar frå handa hans. Han arbeidde òg som redaktør av folkebladet For Bygd og By ein periode i 1912. Han var ein aktiv samfunnsdebattant heilt fram til eit samanbrot på slutten av 1920-talet.

Overarbeid i åra 1910-1924 og eit turbulent ekteskap med Bergljot Isabella Uppdal (fødd Magnussen), også ei kunstnarsjel, førte han inn i psykisk sjukdom og innlegging på institusjon mellom 1926 og 1929. Dette skapte eit brot og opphald i forfattarskapen. Uppdal kjente det som han møtte motstand frå alle, mellom anna i arbeidarrørsle, målrørsla og det borgarlege litterære miljøet, og utvikla ein angst og paranoia som etter kvart vart sjukleg. Ved hjelp av økonomiske midlar stilt til rådvelde av Sigrid Undset vart han lagd inn på ein privat klinikk. Frå 1927 fekk han opphald på Gaustad asyl, der han var til september 1929. Medan Uppdal var innlagd utvikla også Bergljot Uppdal psykisk sjukdom, som førte til innlegging også for henne, og barna vart tekne hand om av det offentlege.

Etter desse kriseårene tok forfattarskapen ei vending mot det utilgjengelege, særleg i det religionsfilosofiske, men også sterkt sjølvbiografiske. Dette er ein tydeleg i det 1200 sider lange stordiktet Kulten, som kom ut samla i 1947 (enkelte delar hadde vore gitt ut i 1930 og 1939). Uppdal døydde i romjula 1961, og det siste skriftstykket han sende frå seg var ei arg melding av Edvard Bull si rallarhistorie Renhårig slusk, som Uppdal vurdert som reint plagiat av sin eigen romanserie.

Debut

Bokomslag

Om Villfuglar, som kom i 1909, skreiv fråhaldsavisa Heimkjær i Trondheim at «slibrigere produkter end enkelte av samlingens dikte neppe kan opdrives i norsk lyrikk».

Bokomslag
Nasjonalbiblioteket.

Uppdal debuterte skjønnlitterært med to bøker: Kvæde og Ung sorg, begge i 1905. I desse tidlege diktsamlingane finn ein relativt tradisjonell landsmålslyrikk dominert av motiv som ung kjærleik og kjærleikssorg, men også med polemiske og politiske tekstar. Det er først og fremst i bruken av kjærleiksmotiva at særpreget hans viser seg: Han går lenger i retning av å utmåle det kroppslege enn det samtida var van med. Diktsamlinga som kom i 1908, Sol-laug, rommar også ein del erotiske innslag, men er gjennomgåande meir idylliserande i skildringane av bonden og jordbrukslivet.

Villfuglar, som kom i 1909, var derimot langt råare. Fråhaldsavisa Heimkjær i Trondheim meinte også at «slibrigere produkt end enkelte av samlingas dikte neppe kan opdrives i norsk lyrikk». Her finst det fleire nakne kroppar og meir direkte skildring av begjær og erotikk. Eit utidsmessig trekk ved desse tekstane er at han skildrar begjær som er likestilt mellom kjønna.

Sosialt engasjement og den store arbeidarforteljinga

Bokomslag Dansen gjennom skuggeheimen

Romanverket Dansen gjenom skuggeheimen (teke til på i 1911 og avslutta i 1924) er ei tidleg skildring av «det store hamskiftet» – forvandlinga av Noreg frå jordbruks- til arbeidarsamfunn.

Bokomslag Dansen gjennom skuggeheimen
Nasjonalbiblioteket.

I 1910 kom Ved Akerselva og andre forteljingar, ei samling sein-naturalistiske forteljingar. Delvis dokumentarisk og delvis fiktivt skildrar han her livet blant dei utstøytte eksistensane i Kristianiaprostituerte, uteliggjarar, alkoholikarar, lausarbeidarar. Boka rommar også forteljingar det er vanskeleg ikkje å knyte til Uppdal si eiga barndomshistorie. Hans eiga oppveksthistorie er knytt til eit slikt sosialt nedenfra-perspektiv.

I 1911 gav Uppdal ut Dansen gjenom skuggeheimen, som er første bind i den store meldinga om rallaren, den stadslause og jordlause arbeidaren; den som arbeider opp marka og grunn til andre, og som stadig flyttar seg frå stad til stad kvar gong ein ny tunnel eller eit nytt stykke skjenegang er ferdigstilt. Svært mange av Uppdal sine rallarskikkelsar er av den grunn individ som ikkje er bunde til nokon stad eller samfunn, og som heller ikkje er bunde til ein fabrikk eller ein fast industriarbeidsstad. Uppdal sjølv braut etter kvart med fagrørsla og partiet på grunn av usemje i både målsak og alkoholpolitikk, men også fordi han forfekta eit syn på arbeidsmannen som ikkje lét seg sameine med dei sentrale definisjonane av industriarbeidaren.

Romanane som utgjer Dansen gjennom skuggeheimen kom ut i åra 1911–1924. For dei første tre bøkene fekk Uppdal gjennomgåande svært gode kritikkar. Han vart raskt ein viktig forfattar for forlaget Aschehoug med gode salstal. Samtidig fekk han nokså hard medfart av meldarane, der ein kritikar omtala tittelromanen som «ein einaste stor paringsleik». Både menn og kvinner blir styrte av drifter, og lèt begjæret og den kroppslege utfaldinga styre. Denne tidlege, moraliserande kritikken blir avløyst av ei politisk tolking.

Dansen gjennom skuggeheimen som romanverk har seinare primært vorte lese som det store diktverket om arbeidaren og arbeidarrørsla i Noreg, der Uppdal i fiksjons form dokumenterer overgangen frå jordbruk til industri på eit sosialt og eit individuelt nivå. Dette gjorde han med utgangspunkt i rallaren, ikkje den stadsfasta industriarbeidaren.

Frå tradisjonalist til lyrisk formfornyar

Bokomslag Elskhug
Bokomslag Elskhug
Nasjonalbiblioteket.
Galgberget

Kristofer Uppdal. Galgberget. Noregs Boklag. 1930.

Galgberget

Medan dei tidlege diktsamlingane er relativt konvensjonelle, er tekstane frå og med krigsåra meir nyskapande. Snø-rim frå 1915 held fram på det erotisk-naturalistiske sporet, men introduserer nye motiv, særleg urbane landskap og scenarium. I 1918 kom samlinga Solbløding. Mange av dikta i samlinga heng saman med Uppdal sine essaysamlingar frå 1917–1918 (Uvér i lufta, Andredrag), der ein finn reisebrev frå opphald i København, Berlin og Stockholm frå åra før første verdskrigen.

Uppdal sine viktigaste diktbøker kom ut i 1919 og 1920, med titlane Elskhug og Altarelden. I desse to bøkene vert dikt som har vore med i tidlegare bøker samla og «sorterte», saman med tekstar som har stått på trykk i aviser. Ei rekkje nye dikt kjem òg til. Det sentrale enkeltdiktet i Elskhug er slutteksten «Bloddrope-trall», ei hyllest til begjæret og livskrafta som pulserer i alt levande:

han taktar seg gjenom alt,

– rytmar seg gjenom gras

der levande leikar,

i mold som skruvar seg ut,

æsande av liv!

Den neste samlinga, Altarelden, har ein ganske annan grunntone enn Elskhug. Det er ikkje lenger kjærleik, begjær og erotikk som pregar tekstane, men – som tittelen røper – oppgjer. Livsoppgjer, eksistensielle grunnforhold, smerte og liding er tydeleg i dikta. Titteldiktet inneheld også epigrammet Uppdal valde seg som gravskrift: «Heilag er kvida» (Heilagt er lidinga).

Det er kanskje Altarelden som står som Uppdal si mest kjende samling, og som òg inneheld flest dikt som utan vidare knyt han til ekspresjonismen. Denne kunstretninga hadde utspringet sitt i Tyskland i åra frå 1910 til inn i mellomkrigsåra, med hovudsete i kunstnarmiljø i Berlin, der Uppdal hadde eit lengre opphald vinteren 1913–1914. Til liks med dei tyske ekspresjonistane skriv Uppdal poesi som slyngjer eit overskridande «eg» ut i verda, ofte med like delar smerte og ærgjerrigheit.

Poesien har òg ofte med eit formspråk som peikar ut av eiga samtid og framover mot den skrive- og tenkjemåtar i den seinare modernismen. Det mektigaste diktet til Uppdal er kanskje det 99 verslinjer lange «Isberget», som gir stemme og taleevne til eit isfjell som fortel historia si frå det fødast av breen og veks til det er stort som ein eigen klode. Isfjellet er heva over all menneskeleg moral – bortanfor menneskeleg moral – som det sjølv slår fast i den siste strofa til diktet:

Eg har retten. Ingen annan vilje bryt sund min.

Eg kjenner ikkje til slikt som dygd eller skam.

Det finst ikkje ondt eller godt, – berre straaleskin.

– Eg er eit slikt straaleskin. – Er eg ond eller god?

Sjukdom og vanskeleggjorde storverk

Portrett
Heime hjå forfattaren i Oppdal, januar 1959.
Portrett
Av /SCANPIX.

Både romansyklusen Dansen gjennom skuggeheimen og alle dei viktigaste dikta er skrivne før 1926. Etter dette blir forfattarskapen mørkare og meir kryptisk. Trekk av eksistensiell angst som viser seg i enkelte tekstar, får også faktiske og personlege utslag hos Uppdal i form av ei diagnostisert psykisk liding som etter kvart får han tvangsinnlagt ved Gaustad. Dette fører i sin tur til ei stigmatisering som gjer det vanskelegare å omtale både forfattaren og forfattarskapen i den samtidige offentlegheita. I tillegg bidreg han til mørklegginga ved å leggje stadig meir prestisje i det språklege forvanskningsarbeidet sitt: Frå 1930 og utover blir arbeidet med å konstruere eit skriftspråk – basert på gamle trønderske former med kasusbøying og ei rekkje gamle gloseformer – gradvis meir omfattande.

Det store trebandsdiktet om profetskikkelsen «Kulten» var det siste Uppdal gav ut i bokform. Meldarane i dei fleste store aviser hylla dette krafttaket, både med anerkjenning av omfang og tyngd. Ikkje alt tyder på at dei hadde gjort ein like grundig jobb i å lese dette utilnærmelege verket, og det verkar til at det sentrale var å framheve Uppdal som pionérskikkelse både i lyrikken og i romandiktinga.

Ei rekkje etterlatne og posthumt utgivne dikt – særleg utvalet Åt songa tå stjernom (ved Jan Erik Vold, 2005) viser også at førestillinga om at siste halvdel av forfattarskapen er «uleseleg», må revurderast.

Les meir i Store norske leksikon

Verk

  • Ved Akerselva og andre forteljingar, 1910
  • Dansen gjenom skuggeheimen, 1911–24 (Dansen gjenom skuggeheimen, 1911, Trolldom i lufta, 1912, Røysingfolket, 1914, Stigeren, 1919, Kongen, 1920, Domkyrkjebyggjaren, 1921, I skiftet, 1922, Vandringa, 1923, Fjellskjeringa, 1924 og Herdsla, 1924)
  • Uversskyer, essay, 1917
  • Andedrag, essay, 1918
  • Elskhug, dikt, 1919
  • Altarelden, dikt, 1920
  • Jotunbrunnen, aforismer, 1925
  • Galgberget, 1930
  • Hagamannen, 1939
  • Kulten, 3 bind. (Galgberget, Hagamannen og Løysinga), 1947
  • Hestane mine. Etterlatne dikt, 1963
  • Om dikting og diktarar, artikler utg. av L. Mæhle, 1965
  • Kamp. Sakprosa i utval (1897–1961). Ved Arild Bye, 2012.

Etterlate materiale

  • Æve-Lengdn, fullført verk, DKNVS bibliotek, Trondheim
  • Manuskript til romanene, sst.
  • Andre manuskript og brev, UiO

Litteratur

  • Andersen, Anders M. 1970: Vandringa av Kristofer Uppdal. Ein studie over innhald, tema og idégrunnlag med sideblikk på form og litterær metode. Hovedoppgave i nordisk litteratur, UiB.
  • Bache-Wiig, Harald 1977. «Mellom heimstad og revolusjon. Kristofer Uppdal og rallarne», i Kontrast nr. 69.
  • Beyer, Harald 1958–59: Nietzsche og Norden. Bergen: Grieg Forlag.
  • Bye, Arild 2010: Kristofer Uppdal. Ein mot alle. Biografi. Aschehoug forlag.
  • Bye, Arild 2012: Kristofer Uppdal. Kamp. Sakprosa i utval. Aschehoug forlag.
  • Bye, Arild 2016: Kristofer Uppdal. Ved Akerselva og andre forteljingar og Ein slusk da han var barn. Aschehoug forlag.
  • Claudi, Mads Breckan 2005: Uppdal og Europa. En studie av Kristofer Uppdals tidlige lyrikk sett i lys av tysk litterær ekspresjonisme. Masteroppgave. Oslo: UiO.
  • Claudi, Mads Breckan 2015: Bakover, nordover og framover: Framskrittstro, høvdingkult, vitenskap og geografi i og omkring Kristofer Uppdals lyrikk. Ph.D.-avhandling, UiO.
  • Kojen, Fritz Sturle 1968: Proletarens vei mot lyset. Omkring arbeiderbevegelse og frihetsbegrep i Kristofer Uppdals romansyklus «Dansen gjenom skuggeheimen». Hovedoppgave i nordisk litteratur, UiO.
  • Larsen, Leif Johan 1982: Fra dans til herdsle. Kristofer Uppdal i den litterære institusjonen 1911–1924. En resepsjonssosiologisk studie. Hovedoppgave i nordisk litteratur, UiB.
  • Mæhle, Leif 1977: «Dikt-trilogien om ’Kulten’», etterord i redigert samleutgave av Kulten, 1968.
  • Dalgard, Olav (red.) 1978: Kristofer Uppdal. Ei bok til 100-årsjubiléet
  • Solumsmoen, Odd 1959: Kristofer Uppdal. Domkirkebyggeren, 1959.
  • Vold, Jan Erik 1998: Storytellers. En begrunnet antologi.
  • Ystad, Vigdis 1978: Kristofer Uppdals lyrikk. Aschehoug forlag.
  • Vassenden, Eirik 2012: Norsk vitalisme. Litteratur, ideolog og livsdyrking 1890–2012. Oslo: Scandinavian Academic Press.
  • Vassenden, Eirik 2016: «’Eg er eit slikt straaleskin’. Jeg-utvidelse, ekspresjonisme og whitmanisme i Kristofer Uppdals lyrikk», i Edda nr. 3/2016. Universitetsforlaget.

Faktaboks

Kristofer Uppdal
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392202345

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg