Kristmar er eit nylaga kvinnenamn (1867): Krist-mar. Krist- kan vere tatt frå eit av mange namn som byrjar på Krist-, til dømes Kristin.

Etterleddet -mar er mest vanleg i mannsnamn, til dømes Hjalmar og Hilmar. I kvinnenamnet Kristmar kan -mar vere tatt frå Dag-mar.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var husmor Kristmar Middelthon fødd 1867 i Trondheim. Både Kristmar og varianten Krismar (1873) er fyrste gongen brukte i Trondheim.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 130 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kristmar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg