Kristina Lund

Faktaboks

Kristina Lund

Kristina Stine Friborg Lund

Født
1715
Død
1761

Artikkelstart

Kristina Lund var organist i Stavanger domkyrkje i meir enn 30 år og er den første identifiserte kvinna som skreiv på norsk dialekt.

Lund var organist i Stavanger domkyrkje frå 1729 og livet ut. Dette, og at ho skreiv dristige dikt, var uvanleg for ei kvinne på hennar tid. Elles veit vi lite om henne.

«Reis deg Brita» er ei vise til hallingmelodi og skal vere skriven av Lund. Visa vart prenta i 1761 som den eine av Tvende Nye lystige Viiser. Ivar Aasen kommenterte dei og bruken av rogalandsmålet positivt i Prøver af Landsmaalet i Norge (1853). Seinare har forskarar som Didrik Arup Seip og Kjell Venås granska Lunds arbeid nærmare.

Lund har kvinnelitteraturhistorisk interesse. Friarvers var oftast skrivne av menn, og dei var ein populær sjanger i Lunds samtid. Lund legg meir vekt på kvinnerolla enn det dei mannlege kollegaene hennar gjer, og ho tematiserer spørsmålet om seksualmoral og kjærleiksekteskap lenge før andre namngitte kvinnelege forfattarar. Lund er oppteken av forhandlingane mellom generasjonane før eit mogleg festarmål og skriv med ironisk distanse.

Stine Lunds gate i Stavanger har fått namn etter byen si første diktarinne, som Lund har vorte kalla. Ho vart gravlagd under orgelverket ved koret i Stavanger domkyrkje.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Oslo 2006
  • Didrik Arup Seip: «Reis deg Britha, Gak aad Straannaa. Et gammelt dikt fra Stavanger», med innleiing. Særtrykk av Stavanger Museums årbok 1956
  • Kjell Venås: Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida. Oslo 1990

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg