Forside av Kristianiaposten
Første nummer av Kristianiaposten 3. januar 1885.
Forside av Kristianiaposten
Nasjonalbilioteket .

Per Sivle var i en periode redaktør i Kristianiaposten.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kristianiaposten var ei avis som blei utgitt frå 1885 til 1896, men med røter attende til Fredrikstad Tidende som kom ut frå 1877.

Kristianiaposten hadde den folkekjære og omstridde forfattaren Per Sivle som redaktør under dei politiske stridane i 1880-åra, då Venstre blei kløyvt. Mange undra seg over at den radikale Sivle gjorde avisa til hovudorgan for Moderate Venstre.

Historie

Kristianiaposten hadde røtene sine i Fredrikstad Tidende, som blei skipa av eit par unge typografar i 1877. Etter økonomiske problem blei Fredrikstad Tidende i 1878 seld til Kristjan Olsen og Nicolai Julius Sørensen (1850–1923). Dei endra namnet til Østlandsk Tidende.

Den radikale Sørensen blei redaktør og «rusket opp i forholdene i Fredrikstad» med ein kritisk artikkelserie, og i 1881 blei han dømd for majestetsbrot. I 1881 flytta Olsen til Kristiania med trykkjeriet, og etter fleire namneskifte kom første nummer av Kristianiaposten i 1885. Avisa voks raskt under den unge og lovande redaktøren Mons Monsen Mjelde (1862–1924). Han gjorde avisa til ei profesjonell hovudstadsavis, med stadig skarpare kritikk av regjeringa til Johan Sverdrup, då det våren 1887 blei gjennomført eit organisert kupp på generalforsamlinga i avisa. Sverdrup sjølv og den søkkrike statsrådskollegaen Hans Rasmus Astrup hadde på førehand spreidd aksjar mellom moderate venstremenn og greidde å få fleirtal for ei meir forsonleg redaksjonell linje. Mjelde gjekk av i protest og fekk straks ei stilling i Verdens Gang, medan det nye styret i Kristianiaposten tilbaud forfattaren Per Sivle stillinga som redaktør. Sivle hadde dei to siste åra vore i Danmark og var dårleg orientert om norsk politikk, men takka likevel ja.

Støtte til Sverdrup

Mandatet til Sivle var å foreine det fraksjonsherja Venstre-partiet. Men då partiet blei splitta i Reine Venstre og Moderate Venstre i 1888, blei Kristianiaposten under Sivle eit organ for den moderate fraksjonen. Nesten alle venstreavisene følgde dei radikale, så Sivle sitt konsekvente forsvar for Moderate Venstre vekte mykje merksemd og kritikk. Arne Garborg skreiv i 1888 nøkkeldramaet Uforsonlige, mellom anna for å hengje ut Sivle si redaktørgjerning i Kristianiaposten. Sjølv forklarte Sivle redaktørgjerninga slik: «Eg vil heller fylgje Johan Sverdrup om han går gale, enn nokon annan som meiner seg gå rett.»

Kristianiaposten blei den største og viktigaste regjeringsvenlege avisa, sjølv om mange oppfatta tilknytinga til regjeringa som tettare enn ho i røynda var.

Sivles styrke – og veikskap – var som temperamentsfull debattant, ikkje som gravejournalist og politisk analytikar. Han hamna i bitre ordskifte med dei radikale venstreavisene og gjekk til skarpe åtak på Reine Venstre. «Hug dem ned under Valgene, Mand for Mand, og det med freidigt Mod,» skreiv han om radikalarane under valkampen i 1888.

Etter at Sverdrup gjekk av som statsminister i 1889, blei det politiske klimaet mindre ampert. Sivle gav i denne tida mykje plass til presentasjon og omtale av dei nye store folkerørslene, mellom anna arbeidarrørsla, kvinnesaksrørsla og fråhaldsrørsla. Per Sivle gjekk av som redaktør i 1891, og siste nummer av Kristianiaposten kom fem år seinare.

Opplag

År Opplag
1887 13 000

Fakta

  • Fredrikstad Tidende: prøvenummer 22. desember 1877; 1. januar 1878–juni 1878.
  • Østlandsk Tidende: 1878–23. desember 1881.
  • Nordmanden: 2. januar 1882–28. september 1883.
  • Samfundet: 30. januar 1880–29. september 1883.
  • Nordmanden og Samfundet slått saman til Demokraten: utgitt 2. oktober 1883–30. desember 1884.
  • Skifta namn til Kristianiaposten: første nummer 3. januar 1885, siste nummer 29. juni 1896.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg