Artikkelstart
Kristian Nordlid var folkehøgskulelærar, bladstyrar og prest. Han var mellom dei aller første som nytta nynorsk i kyrkja.
I unge år skreiv han seg berre Olsen, men tok frå 1889 Nordlid-namnet etter fødestaden på Sjursøya. Bokprentar Nikolai Olsen og bokhandlar Olaf Norli var brørne hans.
Som student var Nordlid huslærar i Sauland og i Mandal. Etter cand. theol.-eksamen i 1870 var han folkehøgskulelærar i Seljord og i Skodje og deretter folkeskulelærar i Drangedal. Frå hausten 1877 var han huslærar hjå Olaus Arvesen på Hamar og hjelpte han med Oplandenes Avis. I eit par år frå 1880 gav Nordlid ut og redigerte Østlandsk Tidendei Fredrikstad og Nordmandeni Kristiania, og han ordna samstundes mykje med redaksjon og prenting av Fedraheimen. I perioden 1883–86 styrte han Dagsposteni Trondheim.
Frå 1886 var Kristian Nordlid stiftskapellan i Kristiania bispedøme. Ved sida av den geistlege tenesta gav han ut målblada Nordmannen1889–91 og Norskt Barneblad1895–98. I 1898 vart han sokneprest i Seljord, men helsa svikta så han søkte avskil i 1903.
Gjennom åra hadde han hjelpt til med fleire nynorske bokutgjevingar, og 17. mai 1899 heldt han heile gudstenesta på landsmål, til liks med to andre granneprestar i Telemark.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.