Kristense er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Kristen.

Suffikset -[se] finst etter namn som endar på -[en], til dømes Karen-se og Jørgen-se. Også i nokre innbyggarnamn laga til bynamn som endar på -[en], finn vi denne [s]-en, til dømes bergen-sar, drammen-sar. Lenger bak har denne [s]-en opphav i den latinske adjektivendinga -ensis, til dømes Schola Osloensis (tidlegare namn på Oslo Katedralskole).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kristense som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Kristense i perioden 1900–2017, var det 63 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Kristense. Dette inneber at 37 prosent hadde Kristense som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristense på 1800-talet.

Kristense var mest brukt i Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristense på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kristense var mest brukt i Nordland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Christense.)

Historisk bruk av namnet Kristense
Historisk bruk av namnet Kristense
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg