Kristen Skjeldal

Faktaboks

Kristen Skjeldal
Født
27. mai 1967, Voss
Av /NTB scanpix.
Kristen Skjeldal under 50 km i Holmenkollen i 2006.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Kristen Skjeldal er ein skiløpar frå Voss med to olympiske gullmedaljar i stafett og 13 NM-titlar. Han var med og konkurrerte i norsk og internasjonal langrenn i nesten 20 år. Skjeldal vart særleg kjend for sin styrke på lengre distansar i fristil. Med heile seks gullmedaljar på 50 kilometer i noregsmeisterskapen fekk han tilnamnet «femmilskongen».

Bakgrunn

Kristen Skjeldal er fødd på Voss. Han gjekk tømrarlinja ved Voss yrkesskule i 1982–1984. I 1985 vart han teken ut til det norske juniorlandslaget, og sidan var han heiltids langrennsløpar fram til han la opp i 2006. Han er medlem av Bulken idrettslag på Voss.

NM-gull

Den første NM-tittelen tok han i 1990, og den siste i 2006. Han har òg to NM-gull i stafett. Heile seks av Skjeldal sine 11 individuelle titlar i noregsmeisterskapen har han vunne på femmila. Det er norsk rekord, saman med Martin Johnsrud Sundby.

OL-medaljar

I Albertville i Frankrike i 1992 vart Skjeldal olympisk meister på 4 x 10 km stafett for menn. Det vart han òg i 2002, då Noreg tok stafettgullet under leikane i Salt Lake City i USA. Under same meisterskapen kom Skjeldal i mål på fjerdeplassen på 30 kilometer fri teknikk. Johann Mühlegg vart seinare diskvalifisert frå sigeren, noko som førte til at Skjeldal vann bronsemedaljen på denne distansen.

Verdscup

I 1991 tok Skjeldal verdscupsigeren på 30 kilometer fri teknikk i Lahtis i Finland. Han vart nummer fire samanlagt i verdscupen i 2001/02.

Tida etter skikarrieren

Etter at Skjeldal slutta som skiløpar, byrja han i 2006 som skitrenar ved Voss Gymnas Toppidrett, og han tok til som trenar for juniorkrinslaget i Hordaland (no Vestland).

Gudmund Skjeldal, som er bror til Kristen, gav i 2005 ut biografien Den siste langrennaren. Ei historie om Kristen Skjeldal og snø.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gudmund Skjeldal: Den siste langrennaren. Ei historie om Kristen Skjeldal og snø . Oslo 2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg