Kringkastingsringen

Kringkastingsringen er ein medlemsorganisasjon, som vart skipa i 1955. Føremålet til Kringkastingsringen er å arbeida for nynorsk, norske dialektar og samisk i allmennkringkastinga og andre norske medier.

Kringkastingsringen hadde i 2020 om lag 700 medlemer. Inger Johanne Ruset er frå 2020 styreleiar. Kjartan Helleve er dagleg leiar. Organisasjonen gir ut medlemsbladet Kringom.

Organisasjonen deler ut Kringkastingsprisen til dyktige nynorskbrukarar i radio og fjernsyn. Fyrste gong prisen blei delt ut var i 1978.

Historie

Magne Rommetveit frå Stord var frå starten dagleg leiar og ein sterk talsmann for organisasjonen. Han vart seinare ordbokredaktør og professor i nordisk målvitskap ved Universitetet i Oslo. Kringkastingsringen arbeidde i mange år for at minst 25 prosent av programma i radio og fjernsyn skulle sendast på nynorsk. Dette målet vart nådd i 2019. Mykje av arbeidet i Kringkastingsringen hadde tidleg som siktemål å få nynorsktalande mediefolk til å søkja ledige stillingar i statskanalen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg