Kostas Simitis

Faktaboks

Kostas Simitis
Konstantinos Georgiou Simitis
Født
23. juni 1936
Fødested
Pireus

Kostas Simitis, gresk sosialdemokratisk politikar i partiet PASOK og Hellas' statsminister frå 1996 til 2004.

Utdanning og tidleg politisk karriere

Simitis er utdanna jurist, dr. juris., og har studert ved Philipps-Universität Marburg og London School of Economics and Political Science.

Då militærjuntaen tok over Hellas i 1967 var Simitis aktivt med i motstandsrørsla. Dette førte til at han måtte reise i eksil i 1969. Simitis dro då til Vest-Tyskland, der han underviste som professor i juss ved Justus-Liebig-Universität Gießen.

Etter juntaens fall i 1974, dro Simitis tilbake til Hellas og blei ein av grunnleggjarane av Den panhellenske sosialistrørsla, forkorta PASOK. Han blei seinare partileiar.

Mellom 1981 og 1995 var han medlem av regjeringa Papandreou, mellom anna som økonomi-, landbruks- og industriminister.

Statsminister

Statsminister i Hellas i to periodar, frå 1996 til 2004. Som statsminister var Simitis opptatt av å modernisere det greske samfunnet og stabilisering av den greske økonomien. Simitis stilte ikkje til gjenval i 2004, då PASOK tapte valet.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg