Faktaboks

Også kjend som

Coral Sea Islands Territory

Uttale
kˈårəl si: ˈailəndz
Statsform
Australsk ytre territorium
Landareal
2,0 km²
Innbyggjartal
ingen fast busetnad, rundt 4 mellombels stasjonerte
Flagg
Australia med delstater, ytre og indre territorier
Australia er ein føderasjon av seks delstatar, med to interne territorium og sju eksterne territorium. De interne territoria ligg i hovudlandet, medan dei eksterne ligg i Stillehavet, Indiahavet og Antarktis. Delstatane er Vest-Australia, Sør-Australia, Queensland, New South Wales, Victoria og Tasmania. Dei interne territoria er Nordterritoriet og Australian Capital Territory. Dei eksterne territoria er Korallhavøyane, Norfolkøya, Ashmore og Cartierøyane, Christmasøya, Kokosøyane, Heard- og McDonaldøyene og Australian Antarctic Territory.
Australia med delstater, ytre og indre territorier
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Korallhavøyane er ei øygruppe og føderalt territorium i Australia, aust for Great Barrier Reef i Korallhavet, nordaust for den australske delstaten Queensland. Dei består av spreidde øyar og rev over eit havområde på rundt ein million kvadratkilometer.

Øyane er utan busetnad sett bort frå ein meteorologisk stasjon på Willisøya, der det arbeider fire personar (2020).

Korallhavøyane vart erklærte som eit eige australsk territorium i 1969 med jurisdiksjon underlagt Norfolkøya. Elizabeth og Middleton-reva vart innlemma i 1997.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg