Andrevatnet
Koldedalsvatnet (Andrevatnet) med Hjelledalstinden til venstre og Falketind til høgre.

Koldedalen er eit aust–vestgåande dalføre i Vest-Jotunheimen, i Vang kommune, Innlandet, og Årdal kommune, Vestland. Koldedalen ligg mellom Tyin og Utladalen, på begge sider av vass-skiljet mellom Austlandet og Vestlandet.

Faktaboks

Etymologi

truleg frå eit elvenamn Kolda, av adjektivet kald.

Morka-Koldedøla renn gjennom den vestre delen av Morka-Koldedalen og kastar seg ut i Vettisfossen (275 meter høg), som fell ned i Utladalen. Nord for Morka-Koldedalen reiser seg Falketind (2067 meter over havet) og Stølsnostinden (2074 meter over havet).

Morka-Koldedøla er ikkje berørt av kraftutbygging. Det går veg frå Tyinholmen og innover Valdres–Koldedalen til nordenden av Koldedalsvatnet (1177 meter over havet), bygd i samband med utbygginga av Tyin kraftverk, da det vart sprengt tunnel for tilførsel av vatn frå elver med utløp til Utladalen.

Kart

Koldedalen
Koldedalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg