Knut Strompdal

Faktaboks

Knut Strompdal
Født
30. juli 1881, Velfjord, Nordland
Død
13. januar 1954

Artikkelstart

Knut Strompdal var gardbrukar, folkeminnesamlar og amatørbotanikar frå Velfjord (no Brønnøy) i Nordland. Strompdal er ein av dei viktigaste samlarane av folkeminne frå Helgeland og Namdalen.

Bakgrunn

Knut Strompdal var fødd i Strompdalen i Velfjord. Han var bror til læraren og forfattaren Ivar Strompdal. Strompdal var odelsgut og dreiv garden Strompdal fram til han døydde. Han hadde eit kurs i småbrukslære frå Danmark, men elles inga formell utdanning utover 6-årig folkeskule.

Han var aktiv i lokalpolitikken og var medlem av Velfjord heradsstyre (kommunestyre) i fleire periodar, der han representerte partiet Venstre, og han var ordførar i 1932–1934. Dessutan hadde han fleire andre tillitsverv, til dømes i skulestyret og likningsnemnda (nemnd med ansvar for utlikning av skatt til stat og kommune).

Folkeminnesamlinga

Strompdal gjorde ein stor innsats som folkeminnesamlar. Han reiste rundt og samla segnstoff, eventyr og anna folkloristisk materiale, særleg frå Helgeland, men han har var òg innom Namdalen og Salten på innsamlingsreisene sine. Materialet vart mellom anna publisert i Gamalt frå Helgeland, som kom i tre band mellom 1929 og 1939. «Ol Speiels kanne» var mellom eventyra Strompdal samla inn. Dette eventyret, som truleg har samanheng med den tyske eventyrfiguren Till Eulenspiegel, er svært sjeldan i norsk samanheng og er berre notert ned i to oppskrifter frå Nordland. På same måten som i dei tyske forteljingane om Till Eulenspiegel er Ol Speiel ein luring. I det nordnorske skjemteeventyret som Strompdal samla inn, lurer Ol Speiel den grådige skattefuten.

Etnografisk samling

Strompdal samla òg inn etnografisk materiale om den samiske befolkninga på Helgeland. Dette stoffet vart samla i manuset Samane – i helg og yrke, som vart utgitt i 2009 av Sijti Jarnge (Samisk kultur- og utviklingssenter).

Botanisk samling

Saman med søskena Marie, Julie og Gustav dreiv Knut Strompdal eit omfattande botanisk innsamlingsarbeid, og i 1939 vart «Planteliste frå Velfjord» publisert i Nytt magasin for naturvitenskapene.

Lagsarbeid

Knut og Ivar Strompdal stifta Børja ungdomslag i 1907. I det handskrivne lagsbladet Gjallarhornet viste Knut fram kvalitetar som lyrikar. Eit par av dikta er prenta i Årbok for Helgeland 1998/99.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arne Rødli: «Folkeminnesamleren Knut Strompdal», i Sigurd Arnekleiv (red.): Årbok for Helgeland 1970. Mosjøen 1970
  • Olav Solberg: Inn i eventyret. Norsk og europeisk forteljekunst. Oslo 2007
  • Herlaug Vonheim: «Knut Strompdal», i Kåre Hansen (red.): Årbok for Helgeland 1998/99. Mosjøen 1999

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg