Knut Martin Teigen

Artikkelstart

Knut Martin Teigen, norskamerikansk lege og forfattar. Han er truleg den einaste innfødde amerikanaren som var aktiv i målsaka og publiserte fleire tekstar på nynorsk.

Knut Martin Teigen var fødd i Koshkonong, Wisconsin i USA i 1854 og døydde i 1914. Han hadde norske foreldre. Faren kom frå Sogn, mora frå Numedal. Teigen studerte språk og matematikk ved University of Wisconsin og teologi ved Luther Seminary i Madison. I 1882 tok han eksamen i medisin ved New York University. I tolv år praktiserte han som lege i Nord-Dakota, der han òg var sterkt engasjert i Independent Party.

Teigen er truleg den einaste andregenerasjons-immigranten som skreiv på nynorsk og arbeidde for å spreie kjennskap til målet i Amerika. Bøkene hans, Ligt og uligt. Vers, humoresker og smaaskildringer blant de norske i Amerika (1899) og Vesterlandske digte (1905) inneheld fleire dikt på nynorsk og dialekt. Teigen sat òg i skriftstyret i nynorskbladet Norrøna (1900–01) og bidrog sjølv der. I Norrøna publiserte han artiklar om målsaka, nokre noveller og dikt, og han redigerte humorspalta.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sunde, A. (1995): «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920» i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. Northfield, Minnesota: The Norwegian-American Historical Association
  • Teigen, K. M. (1907): Blandt vestens vikinger. Skisser, eventyr og humoresker fra livet blandt nordmænd i Amerika. Minneapolis: Kriedts Forlag. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg