Knut Liestøl

Faktaboks

Knut Liestøl
Født
13. november 1881, Åseral, Vest-Agder
Død
26. juni 1952, Bærum, Akershus
Knut Liestøl

Knut Liestøl. Utsnitt av Harald Dals måleri frå 1933.

© /KF-arkiv ※ BONO.
Lisens: Vernet verk
Knut Liestøl
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC0 1.0

Knut Liestøl var ein norsk folklorist. Han fullførte dr. philos. i 1915 på avhandlinga Norske trollvisor og norrøne sogor.

I 1909 vart Liestøl dosent i nynorsk ved Universitetet i Oslo, og vidare professor i norsk folkeminnevitskap i 1917. Han var styrar ved Norsk Folkeminnesamling frå skipinga i 1914.

Liestøl var medlem av rettskrivingskomiteane i 1913, 1916 og i 1938. I perioden 1933–1935 var han kyrkje- og undervisningsminister, og gjennomførte mellom anna nyordning av kringkastinga og vedtaket om rettskrivingsnemnda i 1934. Han var medlem av riksprogramrådet frå 1933, og formann frå 1945.

Liestøl sameinte inngåande filologisk og folkloristisk kunnskap med ein høgt utvikla kunstnarisk evne, og studerte spesielt det norrøne folkeviseområdet. Ei rekkje av dei mindre avhandlingane hans finst i Saga og folkeminne (1941). I Norske ættesogor (1922) viste han ved hjelp av arkivmateriale og parallelle tradisjonar korleis sogetradisjonen kan utvikle seg etter sine eigne lover, studiar han førte vidare i Upphavet til den islandske ættesaga (1929).

Saman med Moltke Moe gav han ut Norske folkevisor fraa millomalderen (1. utgåve, 1912) og folkeutgåva av Norske folkevisor (3 bind, 1920–1924). Han gav vidare ut Ivar Aasens Skrifter i samling (2 bind; 1. utgåve, 1911–1912), Moltke Moes Samlede skrifter (3 bind, 1925–1927) og serien Norsk folkediktning (4 bind, 1936–1941).

Av andre utgjevingar kan nemnast Draumkvædeengelsk (1946), P. Chr. Asbjørnsen; mannen og livsverket (1947) og Moltke Moe (1949).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg