Faktaboks

Knut Johannesson Dahle
Fødd
14. oktober 1834, Vestfjorddalen i Tinn, Telemark
Død
7. juni 1921, Tinn
Verke
Hardingfelespelmann
Familie

Foreldre: Gårdbruker Johannes Torgeirsson Dahle (1805–etter 1865) og Anne Knutsdotter Sønstaul (1807–etter 1865).

Gift 14.6.1857 med Ingeborg Knutsdotter Grønskei (21.6.1834–10.8.1888), datter av gårdbruker Knut Kjetilsson Lurås (fra 1824 Grønskei) (1799–etter 1869) og Kari Pedersdatter Grønskei.

Knut Dahle

Knut Dahle og sønnesønnen Johannes, omkring 1900. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Knut Dahle
Av /NTB Scanpix ※.
Knut Dahle
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Knut Johannesson Dahle var konsertartist og hardingfelespelar. Han ville berge viktige delar av den norske folkemusikktradisjonen, noko han lukkast med gjennom samarbeid med mellom andre komponistane Edvard Grieg og Johan Halvorsen.

Bakgrunn

Knut Johannesson Dahle var fødd i Vestfjorddalen i Tinn i Telemark. Han gifta seg i 1857 med Ingeborg K. Grønskei. Dei to dreiv eit gardsbruk på Dale, parallelt med at han verka som spelemann. Etter at ein av sønene tok over garden i 1888, arbeidde Dahle i periodar som husmålar attåt spelinga. Frå 1912 fekk han årviss pensjon frå Tinn kommune.

Musikkarrieren

I 1880-åra gjorde Dahle fleire konsertreiser i Telemark, der han gjerne heldt små introduksjonar til slåttane han framførte. Seinare blei han med sonen Johannes til USA, der han turnerte i åra 1896–1900. Han heldt mellom anna fleire konsertar ved Luther College i Decorah (Iowa) og verka òg som felemakar.

Gibø-spelet

Det var særleg på morssida til Dahle at det fanst rike musikktradisjonar. Oldefaren hans var spelemannen Brynjulv Olsson, som slo seg ned i Tinn, og som er rekna for den første representanten for det Eivind Groven seinare kalla «det gamle tinnspelet». Dahle lærte å spele fele av morfaren Knut B. Sønstaul og av Hans Fykerud d.e., som var far til dei meir kjende sønene Lars og Hans Fykerud. Seinare blei Håvard Gibøen den sentrale læremeistaren og inspirasjonskjelda hans.

Gibøen budde jamvel på garden til Dahle ein periode. Dahle kom til å bli ein viktig vidareførar av det gamle tinnspelet eller «Gibø-spelet», som Eivind Groven kontrasterer med «Myllarspelet». Medan tradisjonen etter Myllarguten er meir kraftfull og har gjennomgåande dur-tonalitet, har Gibø-tradisjonen eit meir poetisk uttrykk og har større innslag av naturtonalitet. Den særeigne tonaliteten i Gibø-slåttane var noko også Dahle sjølv framheva, og som han ikkje fann hos til dømes læremeistaren Hans Fykerud d.e..

Samstundes som Dahle også tileigna seg noko Myllarspel, skal han ha vore oppteken av å føre Gibø-spelet vidare så nøyaktig som råd. Dette gjorde han gjennom ein læringsteknikk der slåttar blei innlærte tak for tak, slik Gibøen i sin tur hadde lært stoffet av sin læremeister, Knut Luraas. Dahle komponerte òg slåttar sjølv, til dømes Rjukanfossen og På prærien.

Transkripsjonsarbeidet

I 1888 tok Dahle for første gong brevkontakt med komponisten Edvard Grieg, med tanke på å få skrive ned alt stoffet han sat inne med. I det første brevet til Grieg framhevar han at han har «lært nøiagtigt at spille efter de gamle gode spillemendene». Her siktar han til Gibøen, Myllarguten og andre. Dahle var med andre ord medviten om at han sjølv representerte ein viktig tradisjon, som han sjølv i eit seinare brev omtalte som «den natjonale musik». I breva uttrykkjer han vidare uro over at denne musikken skulle gå i grava med han sjølv, og for å hindre dette freista han å appellere til nasjonsbyggjande straumdrag i samtida.

Prosjektet blei realisert først etter amerikareisa, då Grieg sette han i kontakt med komponistkollegaen Johan Halvorsen, som på dette initiativet skreiv ned 17 utvalde slåttar under eit opphald Dahle hadde i Kristiania. Halvorsen fekk dei trykt som «Norwegische Bauerntanze», medan Grieg kort tid etter sette dei 17 slåttane ut for klaver, som han i 1903 fekk trykt som Slåtter, op. 72. Kvaliteten på Halvorsens transkripsjonar har vore omdiskutert i ettertid.

Ettermæle

Denne musikken skulle altså ikkje bli borte, slik Dahle hadde frykta. Seinare skulle også Arne Bjørndal og Torkjell Haugerud gjere nedteikningar av spelet hans. Vidare gjorde Rikard Berge voksopptak av han og sonesonen Johannes Dahle i 1912. Eit opptak herifrå av Bruremarsj etter Myllarguten er gitt ut på Ingfrid og Åshild Breie Nyhus si plateinnspeling av Griegs Slåtter og hardingfeleslåttane verket byggjer på (2007).

Det gamle tinnspelet lærte Knut Dahle først og fremst vidare til barnebarna sine, Gunnar og Johannes Dahle. Knut Dahle var framleis like nøyaktig då han på sine eldre dagar førte yngre spelemenn inn i tradisjonsstoffet sitt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aksdal, Bjørn: «Knut Dahle», i Norsk biografisk leksikon, bd. nr. 2. Oslo 2000
  • Aksdal, Bjørn & Sven Nyhus, red.: Fanitullen: innføring i norsk og samisk folkemusikk, 1993
  • Anker, Øyvind, utg.: «Knut Dale – Edv. Grieg – Johan Halvorsen: en brevveksling» i Norsk musikkgranskning 1943/46, 71-90
  • Benestad, Finn m.fl., red.: Norges musikkhistorie, b. 2, 2000, 121-124
  • Buen, Knut: Som gofa spølå: tradisjonen rundt spelemannen Knut Dale [...]
  • Einung, Halvor H.: Soga om meisterspelemannen Knut Johannesson Dale, 1948
  • Nyhus, Sven: Griegslåttene, 1993

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg