Knut Gjengedal

Faktaboks

Knut Gjengedal
Født
17. oktober 1900, Hyen, Gloppen, Sogn og Fjordane
Død
14. februar 1973

Artikkelstart

Knut Gjengedal var ein norsk lærar og forfattar. I både romanane og novellene hans avdekte Gjengedal trongsida i mange bygdesamfunn, men han skreiv òg harmoniske barnebøker frå same bygdemiljøet.

Bakgrunn

Knut Gjengedal var fødd i bygda Hyen i Gloppen i Sogn og Fjordane (no Vestland). Etter eitt år på den kristne Sunnfjord Folkehøgskule i Førde gjekk han lærarskulen i Volda i 1922–1925. Som nyutdanna lærar blei han gåande utan arbeid i åtte år, før han fekk ein vikarpost i Lofoten. Frå 1936 til 1967 var han lærar i heimbygda Hyen.

Forfattarskapen

Forfattarskapen til Gjengedal kan delast i tre delar: Først gav han ut fire romanar, deretter tre novellesamlingar og til slutt seks barnebøker. Med si klare verdiforankra dikting høyrer han litteraturhistorisk til den etiske nyrealismen og den kritiske litteraturen i mellomkrigstida. I barnebøkene har han ofte tydeleg didaktiske føremål.

Debut

Gjengedal debuterte med Guten fraa einsemda på eige forlag i 1928. Boka er ein danningsroman om å reise frå bygda for å gå på skule i byen, for til slutt å vende heim att. Romanen er på mange måtar eit umodent ungdomsarbeid, men har fleire motiv som Gjengedal tok fram att i fleire seinare bøker, slik som motsetnaden mellom by og land, kjærleiken til naturen, arbeidet og jorda, fordømminga av medmenneske, samt segner og soger frå gamal tid.

Romanar for vaksne

I ein artikkel i Norsk aarbok frå 1934 vart Knut Gjengedal nemnd saman med andre unge, lovande nynorske forfattarar som Åsmund Sveen, Halldis Moren, Jakob Sande og Inge Krokann. Gjengedal hadde då gitt ut tre romanar på fire år: Stengslor (1930), Berre ei mor (1931) og Eldrid Flun og Brite-borna (1933). Alle desse inneheldt ein nådelaus kritikk av det tronge bygdesamfunnet

I desse bygdeskildringane er det mykje som kan minne om både Aksel Sandemose sin Jantelov og Tor Jonsson sitt bygdedyr, der det vert heldt fram korleis avvik ikkje vert tolte i bygdesammfunna. Å skilje seg ut er i desse samanhengane det same som å bli støytt ut av fellesskapen, og det råka særleg einslege mødrer, arbeidslause og «uekte born». Mest tydeleg identifiserer Gjengedal undertrykkjarane i Berre ei mor, der det er indremisjonsfolket som står som mørkekreftene i bygda.

Novellene

Etter romanane gav Gjengedal ut dei tre novellesamlingane Vestanfrå villmarkene (1935), Slikt hender (1936) og Det brenn ein lengsel (1946). Vestanfrå kan i stor grad lesast som framvising av vondskap, hat og irrasjonelle val. I ei av novellene blir det sagt at «Hatet og vondskapen i verda gjekk sterkt framover... Ein stad nedi utlandet hadde ein mann brent ned huset åt grannen sin», som indirekte og biletleg er ein kommentar til 1930-åra i Europa.

Novella «Ein tjuv, ein tiggar og ein flokk rettferdige» frå samlinga Slikt hender er den Gjengedal-teksten som i ettertid har vore brukt i flest antologiar. Novella er ei forteljing med eit sosialt perspektiv på brotsverk og straff, med det same synet på utvendig kristendom og tronge bygdesamfunn som i romanane. Den tredje novellesamlinga inneheld tekstar med eit meir variert tema enn i dei tidlegare bøkene.

Barnebøkene

Barnebøkene til Gjengedal vart gitt ut i perioden 1948 til 1966. I desse er ingenting att av den beiske kritikaren av tronge bygdesamfunn. I barnebøkene var Gjengedal meir oppteken av byggjande krefter og positive sider ved mindre bygder. Litteraturhistorisk høyrer barnebøkene til Gjengedal heime i tradisjonen etter Per Sivle, med realistiske folkelivsskildringar frå bondesamfunnet med barn i sentrum for handlinga. Her er menneske og natur i harmoni, og borna er naturlege medlemer i arbeidsfellesskapen. I Kronekongen og andre soger (1948) når Gjengedal lengst som barneskildrar, der han kjem nær inn på barnet sine måtar å sanse og forstå på.

Bortanfor Blåbreen (1952) er eit godt døme på den verdidiktinga for born som Gjengedal representerer. I boka må Vesle Ivar reise heimanfrå for å vere gjetar hos onkelen og tanta, som er barnlause. Ivar lærer kjærleik til arbeid, natur og garden der han bur.

Også i barnebøkene er Gjengedal politisk, både tydelegare og meir direkte enn i romanane og novellene. I Glomfolket (1954) og Gutane i Glomgrenda (1963) tek han opp sentraliseringa i Noreg i etterkrigstida, med sterke forsvar for utkantskulane. Ein av karakterane i boka, som dermed blir eit av talerøyra til forfattaren sjølv, er så sint på skulepolitikken at ho samanliknar dei nye storskulane med freistnadene på å byggje Babels tårn.

Av dei to barnebøkene frå 1960-åra, Mine fjell og mine dalar (1961) og Frå skogen og villmarka (1964), er den førstnemnde mest interessant som minnebok frå oppveksten til forfattaren. Den andre er ei samling forteljingar av ulike slag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Birkeland, Tone: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005
  • Eide, Ove: «'Dei samla seg og bygde Babelstårnet og ...'. Om Knut Gjengedal sine barnebøker». Årbok for Nordfjord 1993
  • Eide, Ove: «'Gjerninga ligg att etter deg'. Knut Gjengedal sin forfattarskap for vaksne». Årbok for Nordfjord 1991
  • Hagemann, Sonja: Barnelitteratur i Norge 1914-1970, 1974

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg