Faktaboks

Knut Hamre
Fødd
3. mars 1952, Granvin
Verke
Hardingfelespiller
Familie

Foreldre: Knut Johannesson Hamre (1917–89) og Marta Knutsdotter Rykkje (1917–84).

Gift 1973 med turistvert Aud Laingen (16.1.1947–), datter av gårdbruker Bjørner Laingen (1915–84) og Anna Bruøygard (1916–94).

Knut Hamre. Fotograf: Kjell Bitustøyl, gjengitt med tillatelse.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Knut Hamre er ein norsk hardingfelespelemann frå Granvin i Hardanger. Han er ein av våre alle fremste utøvarar på hardingfele og har vunne Landskappleiken heile sju gonger. Hamre har deltatt i ei rad samarbeidsprosjekt der poesi, teater og andre musikksjangrar har vore representerte.

Oppvekst og læretid

Hamre byrja tidleg å lære hardingfelespel av faren Knut J. Hamre. Seinare blei Anders Kjerland og Håvard Kvandal dei viktigaste læremeistrane, men han lærte og slåtter og spel av andre spelemenn i Hardanger og på Voss. I ungdomen henta Hamre og ei rekkje impulsar frå hardingfelespelet i Telemark.

Arkivar og fylkesmusikar

I 1984 var Hamre med på å etablere eit folkemusikkarkiv for Hardanger på Hardanger folkemuseumUtne, kor han same året blei tilsett som den første arkivaren. Her arbeidet han med å gi ut fleire kassettar med opptak av lokal folkemusikk. I 1992 blei stillinga gjort om til ein fylkesmusikarstilling med arbeidsplassen sin på museet.

Læremeistaren

Hamre har gjort seg sterkt gjeldande som lærar i hardingfele i Hardanger sidan 1985. Han har rekruttert ei rekkje framståande felespelarar: Frank Rolland, Åse Teigland, Heidrun Opedal, Benedicte Maurseth, Anlaug Børsheim, Alexander Røynstrand og Lajla Renate Buer Storli. Hausten 2013 blei Hamre engasjert som ansvarleg lærar i Master Class på hardingfele i regi av Hardanger og Voss Museum.

Eigne plateutgjevingar

Saman med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss fekk Hamre Spellemannprisen for 1998 for CD-en Toneflaum i klassa for folkemusikk. I 2014 vann han Folkelarmprisen i klassen for solospel for albumet Spelarhola saman med Alexander Aga Røynstrand og Åse Teigland. Hamre har gjeve ut fleire soloalbum, dei tidlegaste er Fargespel (1994) og Ferd (2010). I 2018 kom den viktige og omfattande utgjevinga Slåttar frå Granvin, som besto av heile fire CD-ar og ei bok. For denne utgjevinga fekk Hamre Folkelarmprisen i klassen for dokumentasjon. Eitt år seinare ga han ut albumet Slåttar etter Anders Bonde (2019).

Samarbeidsprosjekt

Hamre har òg deltatt på en rekkje andre plateutgjevingar, til dømes Nøringen (1980, med Leif Rygg), Trio i ein fjord (1993, med Reidun Horvei og Geir Botnen), Håstabøslåttar (2000) og Trio Hardanger – i Halldors ånd (2003), dei to sistnemnde saman med Åse Teigland og Frank Rolland, dei tre kallar seg Trio Hardanger. Eit resultat av Hamre sin kontakt med utlandet er konsert- og plateprosjektet Å (1999), der Hamre samarbeider med dei amerikanske jazzmusikarane Steve Tibbetts og Marc Anderson. Hamre har og gjeve ut ein CD i lag med folkesongar og hardingfelespelar Turid Spildo Nerdrum, Eg ser deg (2011).

Rosa i Botnen

I 2006 kom CD-en Rosa i Botnen, eit pionerprosjekt der dei eldre hardingfelene i Hardanger blei tatt i bruk etter inspirasjon mellom anna frå den aukande interessa for tidlegmusikk. Her spela Hamre i lag med felespelarane Benedicte Maurseth og Nils Økland, og organisten Sigbjørn Apeland. Dette prosjektet fekk ein oppfylgjar i konsert- og plateprosjektet Anima (2012) der Hamre samarbeider med Benedicte Maurseth, Nils Økland og dei to tidlegmusikarane Philippe Pierlot, gambespelar frå Belgia, og Elisabeth Seitz, hakkebrettspelar frå Tyskland.

Øvrig konsertverksemd

Hamre har halde konsertar og kurs og turnert mykje i både inn- og utland. Saman med forfattaren Jon Fosse har Hamre i seinare tid opptredd på musikkfestivalar og litteraturfestivalar.

Spelet til Hamre

Hamre har ein sjeldan evne til å formidle innhaldet i spelet sitt, som ofte er lyrisk i karakteren og prega av ei stor innleving. Han har også spelt mykje til dans og beherskar dansespelet svært godt. I tillegg har han vore oppteken av å formidle det eldre tonespråket i hardingfeleslåttane.

Utmerkingar og prisar

I 2017 ble Hamre utnevnt til kommandør av St. Olavs Orden «for den framståande innsatsen hans for norsk folkemusikk». Han har også mottatt ei rekkje andre prisar og utmerkingar, mellom anna Myllarprisen (1986), Edvard Grieg-prisen (1993), Hilmarprisen (1993) og Anders Kjerlands minnepris (2000).

Les mier i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg