Faktaboks

Knud Wollenberger
Fødd
23. februar 1952, København, Danmark
Død
25. januar 2012, Feakle, Irland

Knud Wollenberger var ein tysk borgarrettsaktivist i DDR, Stasi-informant og poet.

Bakgrunn

Wollenberger vart fødd i København i 1952. Mora hans var dansk, medan faren var den kjende kardiologen Alfred Wollenberger. I 1955 flytta familien til DDR (Aust-Tyskland). Både Knud Wollenberger og mora heldt fram med å vere danske statsborgarar etter flyttinga. Dermed var dei ikkje underlagt dei same reiserestriksjonane som vanlege DDR-borgarar. Han utdanna seg til matematikar og fekk seinare jobb i DDRs vitskapsakademi, Akademie der Wissenschaften.

Aktivist og informant

I 1972 vart han informant for tryggingspolitet Stasi. Han leverte rapportar under dekknamnet IM Donald. Bakgrunnen for Stasis interesse var at han hadde eit stort internasjonalt nettverk og ofte reiste utanlands. I 1981 gifta han seg med borgarrettsaktivisten Vera Lengsfeld. I åra fram til Berlinmuren fall var han sterkt engasjert i DDRs borgarrettsrørsle. Frå 1982 leverte han jamnleg rapportar til Stasi, både om kona si, og om resten av borgarrettsrørsla.

Etter 1990

Då arkivet etter Stasi vart opna, vart Wollenbergers informantverksemd kjend. Det førte til at kona hans tok ut skilsmisse.

Etter 1999 gav han ut fleire diktsamlingar som alle fekk gode kritikkar, og gjorde han til eit anerkjend namn innanfor ny tysk poesi. Han døydde i Irland 25. januar 2012 etter lang tids sjukdom.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg