Faktaboks

Innbyggjartal
9859 (SSB, 2023)
Landareal
3,3 km²
Tettstadsnummer
4585 Kleppe/Verdalen

Kleppe/Verdalen er ein tettstad i Klepp kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,3 km², og har 9859 innbyggjarar (2023).

Kleppe/Verdalen er administrasjonssenter i Klepp kommune. Den austre delen av tettstaden, Kleppe (Kleppekrossen), ligg rundt krysset mellom hovudvegen sørover Jæren, Fv. 44, og Fv. 510 (Kleppe–Sola–Stavanger).

Her er det stor handels- og serviceverksemd, likeins mykje industri, vesentleg basert på landbruket (næringsmiddel- og verkstadsindustri); elles trelast-/trevareindustri.

I Kleppe ligg Jæren folkehøgskule og Klepp bygdemuseum.

Vestre del av tettstaden, Verdalen, er i større grad eit bustadområde. Sørvest for Kleppe/Verdalen ligg Kleppelunden friluftsområde.

Kart

Kleppe/Verdalen
Kleppe/Verdalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg