Artikkelstart
Kjersti Kollbotn er ein norsk forfattar. I bøkene sine kombinerer ho realisme og poesi i usentimentale skildringar av sårbare menneske.
Kjersti Kollbotn er ein norsk forfattar. I bøkene sine kombinerer ho realisme og poesi i usentimentale skildringar av sårbare menneske.
Kjersti Kollbotn er fødd i Breim i Gloppen i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho er utdanna sivilingeniør sidan 1993, med doktorgrad i byplanlegging frå NTNU. Kollbotn har vore forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, men har i tillegg vore elev ved forfattarstudia både i Tromsø og Bø.
Romanane til Kollbotn blandar rå realisme med poesi i skildringar av folk og landskap. Kollbotn debuterte med Eg er mamma. Eg skal vere god (2009) og fekk Blix-prisen for denne romanen i 2010. Både i debutboka og i Taxi (2011) skriv ho fram sårbare og utsette kvinnelagnader, med barn som vert utrygge når dei vaksne ikkje er stabile i kjensleliv og handling.
I Isbrann (2014) er synsvinkelen lagd til mannen i eit dysfunksjonelt parforhold, der samansette lengslar og urealiserte draumar skaper mykje vondt. Romanen Jord (2017) er ei forteljing om fleire generasjonar sitt slit på eit gardsbruk i første halvdel av 1900-talet, der plikta lyt gå først. Kjenslene får kome seinare, om det vert mogleg.
I Dis (2020) møter vi att personane frå debutromanen. Barna er no vaksne og sterkt prega av den omsorgssvikten som den første boka skildra. Hovudpersonen i Dis er Tordis, som slit med verknadene etter barneår med ei svært ustabil mor.
Kollbotn har òg vore bokmeldar, mellom anna i tidsskriftet Marg. Ho var styremedlem i Nordnorsk Forfatterlag i 2007–2011. Ho blei medlem i Den norske Forfatterforening (DnF) i 2012 og vart i 2018 medlem av Det litterære råd i DnF.
Kollbotn fekk Tanums kvinnestipend i 2015 og blei nominert til Havmannsprisen i 2017 for romanen Jord. I 2019 fekk ho det årlege arbeidsstipendet på 100 000 kroner som dei nordnorske fylka gir til forfattarar frå regionen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.