Kjersti er eit norsk kvinnenamn med opphav i Kristine (sjå også Kirsti).

Namnet har fleire variantar: Kerste, Kersti, Kerstin, Kjersti, Kjerstin, Kjærsti.

Namnedag er 18. oktober. Kjerstin har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kjersti

Eit utval personar med namnet Kjersti, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 430 kvinner i Noreg som hadde Kjersti som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kjersti var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Det kan vere naturleg å presentere i same diagram dei relaterte namna Kirsten, Kirsti og Kjersti. Dei har alle opphav i eit kyrkjeleg namn (Kristine), og dei har fått ei lydleg justering på nordisk grunn. Til liks med mange andre justerte namn har Kirsti og Kjersti vore mest brukte tidleg på 1800-talet. Deretter har dei gått gradvis nedover inntil dei fekk eit oppsving på 1900-talet, Kirsti litt før Kjersti. For det danske Kirsten derimot var tilbakegangen på 1800-talet mindre markant, og på 1900-talet fekk Kirsten eit tidlegare oppsving enn Kirsti og Kjersti.

Utvikling i bruk av namnet Kjersti frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kjersti frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kjersti på 1800-talet.

Kjersti var mest brukt i Telemark og Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kjersti på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kjersti var mest brukt i Telemark og Sør-Trøndelag.

Historisk bruk av namnet Kjersti
Historisk bruk av namnet Kjersti
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg