Kjerringrokk (musikkgruppe) var ei feministisk musikkgruppe som var aktiv midt i 1970-åra. Gruppa var den første i Noreg til å gi ut ei kvinnepolitisk LP-plate på eit kommersielt plateselskap.

Bakgrunn

Kjerringrokk vart skipa i 1974 av seks lærarstudentar i Bergen: Torunn Bakken, Maud Birkrem, Ingrid-Karin Gilje, Bente Gudbrandsen, Camilla Nortvedt og Sophie «Phie» Slaatta. Alle i gruppa song og spela fleire ulike instrument. Motivasjonen for å starte gruppa var å kombinere eiga musikalsk utvikling med formidling av kvinnesak, og gruppa heldt den første konserten sin 8. mars same året. Sommaren 1974 flytta Camilla Nortvedt, og frå hausten kom Ragnhild Elisabeth Lund med i staden for henne.

Feministisk gruppe

I byrjinga av 1970-åra voks det fram mange ulike, til tider konkurrerande feministiske grupper, til dømes Kvinnefronten og Nyfeministene. Kjerringrokk var ein del av denne feministiske framveksten, men var ikkje knytt til ei spesifikk kvinnepolitisk retning, og dei spela difor på arrangement i regi av fleire ulike organisasjonar. Repertoaret deira var ei blanding av sjølvskrivne songar, folkemusikk, omsette viser og tonesette dikt av forfattarar som Edvard Hoem og Arnljot Eggen. Tekstane tok opp problemstillingar som porno, abort, vald mot kvinner, arbeidsrettar og andre kvinnepolitiske saker.

10. mars i kvinneåret 1975 var Kjerringrokk, saman med den feministiske visegruppa Amtmandens Døtre og visesongaren Kristin Berglund, med i fjernsynsprogrammet Syng ut, jenter på NRK. Etter fjernsynsprogrammet fekk gruppa tilbod om platekontrakt med Polydor, noko dei etter kvart takka ja til. Dei fekk med seg Terje Rypdal som produsent, og plata vart spela inn i Rosenborg Studios i juli 1975. Den første smakebiten frå plata var ein singel med songane Våler skurlag og Kapitalens reservearmé, der den sistnemnde songen synte fram ei meir rocka side av gruppa. På seinhausten 1975 kom plata Kjerringrokk om kvinner ut på LP og kassett, ei utgiving som speglar den musikalske breidda til gruppa.

Oppløysing

I tida etter plateutgivinga flytta fleire av medlemene, sidan dei var ferdige med utdanninga si. Det gjorde at det vart vanskeleg å halde fram med å spele saman, og Kjerringrokk vart i praksis oppløyst. Dei kom likevel saman for å spele nokre konsertar i 1976, i tillegg til at dei var med på ein stor visekonsert i Oslo konserthus i 1980.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Røyert, Debora Marie (2011): «'Kvinner, spill sjøl!' Musikk som politisk virkemiddel i den nye kvinnebevegelsen på 1970-tallet». Masteroppgåve. Universitetet i Bergen / Høgskolen i Bergen

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg