Kjellrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ketil-ríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘offerkjel; hjelm’ og etterleddet ‘vakker’. Etterleddet -ríðr kjem av -fríðr. Kjellrid og Kjellfrid har same opphav.

Personar med namnet Kjellrid

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Kjellrid Fredriksen fødd 1885 i Borge i Lofoten (Nordland).

Kulturell bruk

  • Den islandske sagaen om Viglund og Kjellrid, truleg frå 1300-talet, vart omsett til norsk i 1874.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kjellrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg