Kjellborg er eit nylaga kvinnenamn (1884): Kjell-borg.

Det finst ein del namn som både har -borg og -bjørg. Etterleddet -borg vart tatt i bruk seinare (1300-talet) enn -bjørg.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Kjelborg Nedberg fødd 1884 i Lardal (Vestfold), busett i Nøtterøy i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kjellborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg