Kjellaug er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ketil-laug. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘offerkjel; hjelm’ og etterleddet ‘lovd til, vigd til’.

Namnedag er 20. april. Kjellrun har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kjellaug

Eit utval personar med namnet Kjellaug, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 516 kvinner i Noreg som hadde Kjellaug som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Kjellaug som var mest brukt i 1930-åra.

Utvikling i bruk av namnet Kjellaug frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kjellaug frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg