Den såkalla fiske- og fuglefangst scenen, her frå grava til Menna (TT69) i Sheikh Abd el-Qurna, visar kjernefamilien. Mannen har ei aktiv og sentral rolle. Kone og born har ei passiv tilskodarrolle til høgre, men er langt meir aktive på den venstre sida. Scenen er ikkje bare vakker, men også svært interessant fordi grava stammar frå det nye riket, ei brytingstid då nettopp rolla til kone og born ser ut til å verta generelt meir aktive og deltakande. Ca. 1400 - 1350 fvt. Foto: Reinert Skumsnes
.
Lisens: fri

Kjønnsrollene i Det gamle Egypt var knytt til sosial status, men også andre aspekt som tilhøva kring kvart einskild individ. Dessutan spela tid og stad ei viktig rolle, og slik var kjønnsrollene i konstant endring. Desse endringane skuldast politiske og sosiale strømmingar, som i all hovudsak bevegde seg vertikalt frå topp til botn av hierarkiet, med ringverknadar på blant anna yrkesliv og økonomi.

I periodar med stor økonomisk vekst ser det ut til at kvinner fekk fleire rettar. Generelt synest kvinner frå dei øvre sosiale lag å ha hatt ei friare stilling i Egypt enn i andre oldtidssamfunn det er naturleg å samanlikne med. Ein veit mindre om kjønnsrollefordelinga blant dei lågare klassene.

Ulike oppgåver i samfunnet

Somme hevdar det fyrst og fremst var elitefamiliane som var prega av kjønnsroller i Det gamle Egypt: I tråd med normative kjelder, hevdar konsensus at kvinner var ekskludert frå den offisielle byråkratiske strukturen, og at det berre var gutar som gjekk på skule for å læra å lese og skrive. Slik skulle gutane klatre i det byråkratiske hierarkiet, og den mannlige eliten ta del i statsadministrasjonen, administrert av mannlege skrivarar.

Ved sida av byråkrati og administrasjon tyder visuell representasjon, samt funn av diverse modellar i gravkammer, på at aktivitetar som dyrehald, jakt, fiske og diverse handverk, også var typiske mannsysler. Trass overvekt av menn, ser båe kjønn ut til å ha tatt del i jordbruksaktivitetar. På den andre sida var matlaging, spinning, veving, sying og barnepass typiske kvinnesysler. Slik ser ein at kvinner sine oppgåver fysisk sett var sterkare knytt til heimen, enn menn. Kontrastar i hudfarge og klesdrakt, mellom mann og kvinne i visuelle representasjonar, har ein forstått som støtte til denne teorien.

Frå eit religionshistorisk perspektiv hevdar den svenske egyptologen Lana Troy at menn og kvinner såg på kvarandre som medlem av ein familie. Deira relasjon var strukturert etter familieroller: Menn og kvinner hadde komplimentære funksjonar, men parallell essens, og det dualistiske element eksisterte side om side, som motsetnad og likskap. Ho seier vidare at kvinner si rolle først og fremst var basert på den feminine prototypen (i eit mytisk perspektiv), der formålet var å generere nytt liv, som medium for det sykliske tilværet gjennom å sikre fornying og livskraft i familien.

Einskilde kvinner hadde likevel oppgåver utanfor heimen: Dei fleste hadde virke i tempel, men kunne også ha yrkesfag som til dømes lege eller sydame. Jordbruk var det i all hovudsak kvinner av dei lågare sosiale lag som tok del i.

Kvinnas stilling

Kvinna var høgt respektert og hadde ei langt friare stilling enn det som var vanlig elles i antikken (kjeldene refererer for det meste til overklassen). Det kan sjå ut som at kvinnas rolle var i endring, og at kvinner var meir sjølvstendige og likestilte under det gamle riket (2543–2120 fvt.) og det nye riket (ca. 1550–1069 fvt.): Kvinner frå det midtre riket (ca. 1980–1760 fvt.) ser ut til å ha vore sjeldnare knytt til administrasjon av folk og eigedom.

Medan einskilde kvinner frå det midtre riket vart omtala som «husets (herskar)kvinne», som kan tyde på ein viss status, vart einskilde kvinner frå det nye riket omtala som «frie kvinner». I løpet av det nye riket vart dessutan kvinna ein juridisk person, som kunne ha eigedom og formue, samt arve og testamentera eigendomar til kven ho ville. Ved inngåing av ekteskap ser det ut til at båe partar bidrog til felles eigedom (mannen disponerte to tredjedelar, medan kvinna ein tredjedel), samt at båe partar kunne ha eigedomar på si. Dette førte til at kvinner, i alle fall i teorien, var sikra økonomisk ved skilsmisse.

Skilsmisse, samt låg gjennomsnittleg levealder (20–30 år), resulterte i at omgifte var svært vanlig, og såleis også kompliserte arveoppgjør. Regelen ser ut til å ha vore at born, uavhengig av kjønn, arva foreldra sine. Adopsjon ser ut til å ha vore ein enkel affære som opna for rett til arv på lik line med genetisk avkom.

Kongelige kvinner

Dei kongelige kvinnene av det gamle riket, 18. dynasti, samt «Guden Amons hustru» frå den seine perioden, hadde ei sentral rolle, og ei handfull kvinner nådde også maktas tinde, vart minister, og enda til farao.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gay Robins. 1993. Women in ancient Egypt. Cambridge, Mass.: Harvard University Press.
  • Toivari-Viitala, Jaana, (2001). Women at Deir el-Medina. Leiden: Nederlands Instituut voor het Nabije Oosten.
  • Skumsnes, Reinert, 2009: Kvinner i det gamle Egypt – Ein komparativ studie. Upublisert masteravhandling, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg