Kinsarvik, tettstad og administrasjonssenter i Ullensvang herad, Hordaland. Tettstaden ligg inst i Kinsarvikbukta i Hardangerfjorden, aust for munninga av Sørfjorden. Noko småindustri, bl.a. produksjon av stål- og tinnbestikk, Hardanger Bestikk. Rv. 13 går gjennom tettstaden; bilferjesamband til Utne og Kvanndal. Kjend turiststad med bl.a. hotell og campingplassar.

Kinsarvik har middelalderkyrkje (1150-1200) i romansk stil med restar av eldre stolpekyrkje frå 1000-tallet under. Restar av langskipsnaust fra skipreidetida (ca. 900–1350) ved ferjeleiet. Stor trelasteksport til Storbritannia på 1500- og 1600-tallet, Skotteflu ved ferjeleiet.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.