Faktaboks

Kinn
Etymologi
‘bratt fjellside’

Kinn kirke 1910.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kinn er eit sokn i Kinn kommune i Vestland fylke. Soknet svarer til Kinn og Florø kommunar før 1964.

Kinn var tidlegare eigen kommune som omfatta fastlandet ved munningen av Norddalsfjorden, Solheimsfjorden/Høydalsfjorden og Brufjorden og dessutan øyane utanfor, mellom anna Kinnøya. Frå kommunen vart Florø skilt ut som bykommune (ladestad) i 1860. Den dåverande kommunen vart i 1922 delt i tre: Bru, Eikefjord og Kinn. Desse kommunane vart med unntak av Brus område sør for Førdefjorden og med tillegg av mindre delar av Bremanger og Vevring slått saman med Florø til den nye Flora kommune. Kinn utgjorde 159 kvadratkilometer ved samanslåinga.

Kinn kyrkje er frå slutten av 1100-talet og restaurert i 1860-åra, 1911–1912 og 1960-åra. Kinnakyrkja er ei romansk steinkyrkje og har rikt inventar. Eikefjord har ei krosskyrkje i tre frå 1812.

Namnet kjem av kinn, 'kinn; bratt fjellside', opphavleg om fjell på øya Kinn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg