Mao Zedong

Mao Zedong vann frå 1930 gradvis makta i sentralkomiteen for Kinas kommunistparti. Han leia evakueringa av den raude hæren fra Jiangxi og «den lange marsjen» til Shaanxi. Undervegs blei han offisielt anerkjend som leiar av partiet (1935). Mao kunne 1. oktober 1949 proklamere Folkerepublikken Kina. Biletet viser Mao Zedong i den karakteristiske dressen sin.

Av /NTB Scanpix ※.
Folkets frigjeringshær
Folkets frigjeringshær er militærapparatet til det kinesiske kommunistpartiet og blir styrt av partiet via ein militærkommisjon.
Av .

Det kinesiske kommunistpartiet (KKP) er eit kinesisk politisk parti som blei stifta 1. juli 1921 i Shanghai. Ei av hovudårsakene til stiftinga var at marxistiske idear hadde blitt spreidde i Kina etter 4. mai-rørsla i 1919. KKP blei det statsberande partiet i Kina etter at det kom sigrande ut av borgarkrigen og Folkerepublikken Kina blei proklamert i 1949.

Faktaboks

Også kjend som

Pinyin: Zhōngguó gòngchǎndǎng

Forenkla teikn: 中国共产党

Tradisjonelle teikn: 中國共產黨

Bokmål: Kinas kommunistparti

Partiet har omkring 100 millionar medlemmer (2023) og blir rekna som det største politiske partiet i verda.

Kommunistpartiet kontrollerer statsapparatet og den lovgivande prosessen. I tillegg er Folkets frigjeringshær militærapparatet til partiet, som styrer han via ein militærkommisjon.

Forholdet mellom partiet og statsapparatet

Det kinesiske kommunistpartiet er basert på demokratisk sentralisme, og organisasjonen og strukturen til partiet syner att i den formelle kinesiske statsmakta. Kina har derfor to maktsøyler: KKP og den formelle statsadministrasjonen. Båe har ein struktur som speglar kvarandre på alle administrasjonsnivå, det vil seie at statsorgana på alle nivå har parallelle partiorgan. Dette kan reknast som eit skilje mellom den reelle makta (KKP) og den formelle makta (statsadministrasjonen).

Den doble politiske strukturen gjer det kinesiske politiske systemet svært stort og tungrodd. Arbeidsfordelinga mellom dei to organa er at kommunistpartiet skal forme ut politikken, medan statsapparatet skal setje i verk politikken. Sidan 1992 har praksisen vore at leiaren i partiet (generalsekretæren) også tek over vervet som president. Med det får ein avdempa spenningar mellom partiapparatet og statsapparatet samtidig som statusen til presidentvervet blir heva. Statsministeren sit normalt i politbyrået og er vanlegvis rangert som den nest høgaste eller tredje høgaste i kommunistpartiet.

Partistruktur

Deng Xiaoping
Deng Xiaoping blei ein toneangivande politikar for KKP etter Maos død i 1976. Deng var generalsekretær i sentralkomiteen for kommunistpartiet i 1953–1967, medlem av politbyrået i 1955–1967 og deretter visestatsminister. Etter ein periode i unåde, fråteken alle verv, blei han rehabilitert og blei viseformann i partiet (til 1981), medlem av politbyrået (til 1987), generalstabssjef (til 1980) og formann i militærkomiteen i partiet (til 1989). Han blei Kinas mektigaste mann då partifløya hans vann ein avgjerande siger over Maos utpeika etterfølgjar, Hua Guofeng, ved sesjonen til sentralkomiteen i desember 1978.
Deng Xiaoping
Av .

Den nasjonale partikongressen er det høgaste leiingsorganet til partiet og samlast kvart femte år. Her vel partiet ein sentralkomite på vel 200 medlemmer, 167 kandidatmedlemmer og eit politbyrå på 24 fullverdige medlemmer (2022). Sentralkomiteen møtest éin gong i året. Mellom fem og ni av medlemmene i politbyrået inngår i ein ståande komité som i praksis fungerer som Kina sin øvste leiarskap.

Leiaren i partiet har sidan 1982 hatt tittelen generalsekretær, og han er den høgast rangerte medlemmen av politbyrået. Avgjerdene til desse organa blir sette ut i livet av eit sekretariat, som generalsekretæren leiar.

Partiet er styrt ovanfrå og ned, også på den måten at val på eit lågare nivå blir avgjorde gjennom nominasjonar frå nivået over. Partiet er også representert i dei væpna styrkane og i alle bedrifter og institusjonar, og det driv masseorganisasjonar, mellom anna fagrørsla.

KKP har trass i prinsippet om demokratisk sentralisme i realiteten alltid hatt ulike fraksjonar. Desse har trekt partiet i meir konservativ eller meir liberal retning i løpet av historia til partiet. Eit døme er då Deng Xiaoping i perioden etter Mao Zedongs død, frå 1976 til 1978, sikra makta for ein meir liberal og reformvennleg fraksjon. Deretter var det gjennom reformperioden vanleg at ulike fraksjonar var representert i den øvste leiarskapen, før ei større einsretting fann stad under Xi Jinping.

Medlemskap

Alle som søker medlemskap i partiet, må gå gjennom ein prosess der det krevst anbefalingar frå andre partimedlemmer, i tillegg til at partiet vurderer vandelen og kvalifikasjonane til søkjaren. Kandidatane må vidare gå gjennom politisk skolering med avsluttande prøver der berre dei som består, blir opptekne som medlemmer i partiet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg