Faktaboks

Administrasjonssenter
Birketveit
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Aust-Agder)
Innbyggjartal
1 323 (2022)
Landareal
246 km²
Høgaste fjell
Rubbeheia (559 moh.)
Innbyggjarnamn
ivdøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
4218 (frå 01.01.2020, tidlegare 0935)

Kommunevåpen

Iveland
Iveland kommunehus
Kart: Iveland kommune i Agder
Iveland kommune i Agder fylke.
Kart: Iveland kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Iveland

Iveland og Vegusdal bygdemuseum i Fjermedal. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Iveland er ein kommune i Agder fylke, mellom Otra i vest og vatnet Ogge, som høyrer til Tovdalsvassdraget, i aust. Heile vestgrensa til Iveland følgjer Otra frå Moisund i nord til Kringsjå, like nord for Grovane i Vennesla, i sør.

Iveland blei i 1886 oppretta som kommune ved deling av dåverande Hornnes og Iveland. Sidan har kommunen hatt uendra grenser. Kommunen grensar til Evje og Hornnes i nordvest og nord, Birkenes i aust og Vennesla i sør og sørvest.

Natur

Storefjord
Iveland har eit kollete og skogkledd heilandskap utan dominerande daldrag. Biletet er frå den austre delen av kommunen, der Sørlandsbanen passerer kommunen på ein kort strekning.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Iveland ligg innan det sørnorske grunnfjellsområdet, og berggrunnen vekslar mellom granitt, amfibulitt og framfor alt gneis. Det er fleire store førekomstar av feltspat og kvarts. Det finst ein heil del sjeldne mineral, mellom anna thortveititt, kalla opp etter ingeniør Olaus Thortveit (1872–1917) frå Iveland. Heile kommunen ligg over den marine grensa og har ingen samanhengande morenerygger. Jordlaget er hovudsakleg tynt, det finst ein del myr langs elvar og bekker med elvesand og grus.

Frå nord får Otra tilløpet Frøysåna som renn omtrent midt gjennom Iveland frå nord til sør. På grensa mot Birkenes i aust ligg vatnet Ogge (196 meter over havet) som har avløp til Tovdalsvassdraget. Mellom dalane ligg skogkledde heiar med toppar 200–400 meter over havet i den søre delen av kommunen, og over 400 meter over havet i den nordre delen. Den høgaste toppen er Rubbeheia (559 meter over havet) heilt i nord. Heile kommunen ligg under skoggrensa.

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på −1,4 °C, og den varmaste månaden er juli med normal på 16,1 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 137,7 millimeter, og minst er det i mai med normal på 60,1 millimeter. Målingane er gjorde ved Byglandsfjord-Neset målestasjon.

Busetjing

Busetjinga i kommunen er spreidd, men hovuddelen av befolkninga finst i tettgrendene Birketveit, som er administrasjonssenter, Vatnestrøm ved Ogge i aust og Skaiå ved munningen av Frøysåna i Otra i vest. Kommunen har ingen tettstader.

Folketalet i Iveland heldt seg nokså stabilt på om lag 1100 innbyggjarar i perioden 1875–1946. Deretter sokk det til omkring 750 fram mot første halvdel av 1970-talet. Etter det har kommunen stort sett hatt vekst i folketalet, ikkje minst på grunn av auka pendling til Kristiansand. Veksten har vore særleg stor på 1980-talet og etter hundreårsskiftet, og i 2014 passerte folketalet 1300. I tiårsperioden 2010–2020 auka det med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg, mot 1,0 prosent i Agder fylke samla sett.

Kart over Iveland kommune
Kart over Iveland kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Fire prosent av arbeidsplassane i kommunen er i primærnæringane (2019). Landbruket har hovudvekt på mjølkeproduksjon og skogsdrift, og det blir også halde noko sau. Skogavverkinga i 2021 var 22 290 kubikkmeter, og av dette utgjorde furu 72,8 prosent.

Industrien omfattar 33 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 44 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2019). Den viktigaste industribransjen er næringsmiddelindustrien med mellom anna Voss Production AS på Vatnestrøm, den største bedrifta i kommunen, som driv tapping av drikkevatn på flasker. Den andre store industribransjen i kommunen er trelast- og trevareindustrien med mellom anna Moelven Limtre AS avdeling Agder og Dørfabrikken Vatnestrøm AS. Desse to bransjane hadde i 2019 høvesvis 66 og 29 prosent av industriarbeidsplassane i kommunen.

Iveland er ein mellomstor kraftkommune med fire kraftverk (tre i Otra) som har ein samla maskininstallasjon på 116 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 675 gigawattimar (GWh) per 2019. Kraftverka med høgast gjennomsnittleg årsproduksjon er Iveland kraftverk (i drift frå 1949) og Nomeland kraftverk (1920) med høvesvis 501 og 173 GWh.

Av dei yrkesaktive som er busette i Iveland, har 66 prosent arbeid utanfor kommunen. 30 prosent arbeider i Kristiansand, 18 prosent i Vennesla, sju prosent i Evje og Hornnes og resten av kommunane i Setesdal og seks prosent i resten av Agder (2019).

Samferdsel

Birketveitstjønna
Birketveitstjønna ved fylkesveg 403
Birketveitstjønna

Iveland har eit forholdsvis tett vegnett, både gjennom dalane og over heiane. Dei viktigaste vegane er fylkesveg 405 øst i kommunen som går mellom Vennesla og Birkenes, og fylkesveg 403. Den går tvers gjennom kommunen mellom Vennesla og Evje og Hornnes, via tettgrenda Iveland. Dernest går fylkesveg 3768 frå Vatnestrøm til fylkesveg 403 sør for tettgrenda Iveland, og fylkesveg 3766 går nordover frå Birketveit. Fylkesveg 3766 fortsett nordaustover mot Vegusdal i Birkenes kommune.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Iveland høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Region Kristiansand saman med Birkenes, Kristiansand, Lillesand, Lindesnes og Vennesla.

Iveland er del av Setesdal næringsregion saman med Bygland, Bykle, Evje og Hornnes og Valle.

Iveland kommune svarer til soknet Iveland i Otredal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Iveland til Sætersdalen fogderi (futedømme) i Nedenes amt.

Delområde og grunnkrinsar i Iveland

For statistiske føremål er Iveland kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman seks grunnkrinsar: Mykland, Skaiaa, Nateland - Grossås, Frigstad - Ljosland, Eieland og Vatnestraum - Eikeland.

Historikk og kultur

Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Iveland kyrkje
Iveland kyrkje
Iveland kyrkje

Gravhaugen på Eieland er truleg frå år 400 og har funn av gjenstandar som vitnar om tidleg fast busetjing. Elles er der funn av steinalderreiskapar. Iveland kyrkje er ei tømra krosskyrkje bygd i 1836. I kommunehuset finst ei stor mineralsamling.

Ogge-området er eit viktig friluftsområde både sommar og vinter.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein skråstilt hammar i sølv mot ein grøn bakgrunn. Hammaren er ein geologhammar og symboliserer dei rike førekomstane av sjeldne mineral og utvinninga av desse. Den grøne bakgrunnsfargen speglar kor viktig jord- og skogbruket er i kommunen.

Namnet har samanheng med det norrøne trenamnet ýr (ei eldre form kan ha vore iwar), ‘barlind’, stad der det veks barlind.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Fjermedal, Aslak (1955–1969): Iveland, fem bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg